NRK Meny

Meiner fartssyndar snakka usant

Ein mann i 50-åra må betale 12.000 kroner i bot for å ha køyrd for fort. Mannen frå Hordaland køyrde i 114 kilometer i timen i ei 70-sone i Aurland. Han og broren forklarte i retten at det var ein potensiell bilkjøpar som køyrde bilen, men retten meiner dette er usant fordi bileta viser tydeleg at det var brørne som sat i bilen. Mannen har også mista førarretten i åtte månader og må betale 3000 kroner i sakskostnader.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser