Hopp til innhold

Fylkesmannen kritisk til evalueringa etter storbrannen - meiner den er for snever

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rettar skarp kritikk mot statlege evalueringar av nasjonale kriser, som brannen i Lærdal.

Anne Karin Hamre
Foto: Noralv Pedersen / NRK

Beredskapsminister Anders Anundsen lova i januar å evaluera alle sider av storbrannen i Lærdal. Men så langt har han berre sett i gang gransking av innsatsen til Sivilforsvaret og brann- og redningsvesenet. Ei snever avgrensing som er særs uheldig, seier fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre

– Konsekvensen kan bli at vi ikkje klarar å fange opp det som sviktar. Då tek vi heller ikkje lærdom av det og vi risikere å gjere same feilen igjen, seier ho.

– Vi er ikkje gode nok

Det er ein ekspert på store kriser som tek bladet frå munnen. Storbrannen i Lærdal i januar, orkanen Dagmar, trippeldrapet i Årdal og brannen i Gudvangatunnelen er noko av det fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, har fått i fanget.

– Eg meiner at vi som samfunn ikkje er gode nok på å evaluere kriser av nasjonalt omfang, seier ho.

Storbrannen i Lærdal var ei slik krise av nasjonalt omfang. I tillegg til dei 40 bygningane som brann ned til grunnen, klappa heile infrastrukturen saman.

Brannen øydela straumforsyninga og mobilnettet, råka vassforsyninga, avløpssystemet, vegmeldingssentralen og ventilasjonen i førti tunnelar. Mellom mykje anna.

Eit stort trykk for små kommunar

Men når Regjeringa skal trekkja lærdom av storbrannane i Lærdal, Frøya og Flatanger, vil dei at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap – DSB – berre evaluera innsatsen til Sivilforsvaret og brann- og redningsvesenet.

– Det handlar ikkje berre om å sløkkje brannar. Det var veldig mange menneske som måtte evakuerast og måtte til sjukehus. Helse, politi og alarmsentralen blei råka. Vi snakkar om små kommunar skal takle eit veldig medietrykk og dei skal ta seg av evakuerte og pårørande, seier HAmre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Lærdal

STORE SKADER: Storbrannen i Lærdal i januar tok mange hus og det blei store øydeleggingar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ikkje aktuelt å utvide

Erna Solberg på plass i Lærdal

I LÆRDAL: Statsminister Erna Solberg var i Lærdal dagen etter brannen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

20. januar, dagen etter brannen, kom justis- og beredskapsminister Anders Anundsen og statsminister Erna Solberg til Lærdal. Då sa dei at dei ville evaluera alle sider ved brannen.

– Vi skal alltid gjere ei evaluering for å lære av ting som kan bli betre, sa ho.

To og ein halv månad etter er det ikkje aktuelt for beredskapsministeren å vida ut den konkrete evalueringa til DSB. Anundsen seier likevel at han vurderer ei breiare granskinga av brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya. Kor tid og korleis ei slik evaluering skal skje, vil han ikkje vera konkret på.

– Eg er ikkje overbevist om at det er mest hensiktsmessig at DSB har hovudansvar for evalueringa, men det er noko vi vurdere, seier han.

– Sviktar når evalueringa skjer etatsvis

Dei mange alvorlege hendingane i Sogn og Fjordane det siste året har avdekka at samhandlinga mellom naudetatane har svikta. Seinast for to veker sidan kritiserte Fylkesmannen Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral i Helse Førde for ikkje å ha varsla politi og brannvesen tidleg nok, til dømes under trippeldrapet i Årdal i november i fjor.

Slik trippelvarsling svikta òg under den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen tre månader tidlegare. Dette må samfunnet trekkja lærdom av på tvers av etatane, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

– Vi ser gong på gong at evalueringa skjer etatsvis. Det som oftast sviktar under slike kriser, er samhandlinga mellom fleire ulike etatar. Når evalueringa skjer etatsvis, glepper vi på samhandlingsutfordringa, seier Hamre.