NRK Meny
Normal

Måtte så opp att 165 mål gras – erstatninga dekkjer berre frøa

Isbrann øydela store delar av bøane til Karina Hetle Solheim. Ho om mannen måtte så opp att 165 mål. Det gir dei erstatning på 43.500 kroner, noko som berre dekkjer kostnadane til frø.

Karina Hetle Solheim

EKSTRAARBEID: Bonde Karina Hetle Solheim i Viksdalen hadde gjerne sett at erstatningsordninga var betre enn i dag.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Det er så vidt det dekkjer frøa, og det er ingenting. Ein legg jo ned mykje arbeid i tillegg. Den erstatninga vi får er eigentleg ingenting, seier bonde Karina Hetle Solheim.

Årets vinter tok knekken på fleire avlingar enn nokon sinne, og til hausten kjem mange bønder til å mangle fôr til dyra sine.

Når avlingane vert øydelagde slik, kan bøndene søkje om erstatning for tapt avling. Den er på 330 kroner per tusende kvadratmeter.

Får enorme ringverknader

Det meiner Norges Bondelag er altfor lite.

– 330 kroner er ikkje all verda, og det er ikkje mykje når ein ser på dei konsekvensane desse skadane har ført til, seier leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane bondelag.

For bonden er det ikkje berre eit stort tap når avlingane vert øydelagde, men det fører til enormt med ekstraarbeid.

Per Hilleren

ENDRING: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, meiner ein må sjå på kva ein kan gjere for å endre erstatningsordninga.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Når slikt skjer, får det enorme ringverknader. Først må ein ta den kostnaden det er med å så om att desse areala. I tillegg mistar ein ei avling på dette arealet. Konsekvensane for dei som står midt oppe i dette, er store, seier Hilleren.

Dersom bonden har behov for beiteareal på hausten, så er det ei utfordring som kjem på toppen.

Vil jobbe med å betre ordningane

Hilleren legg til at det vert jobba med å sjå på erstatningsordningane, for å sjå om dei kan bli betre enn dei er i dag.

– Her har ein ikkje opplevd dei store avlingsskadane, og det er først dei siste åra vi har sett kor store konsekvensar dette kan få, seier Hilleren.

Politisk rådgjevar Anne Marie Aanerud i Landbruks- og matdepartementet forstår at enkelte bønder syns dei får lite.

– Føremålet med ordninga er å redusere økonomisk tap på grunn av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Dersom ein meiner at beløpet skulle vore høgare, kan den einskilde bonde ta det opp med sin landbruksorganisasjon, seier Aanerud.

Må tilpasse seg

Solheim og mannen driv ein relativt stor gard i Viksdalen. Dei 165 måla deira som måtte såast på nytt gir dei ei utbetaling på 43.500 kroner. Det dekkjer berre innkjøpet av frøa som dei har sådd med. Men ho vel å sjå positivt på det.

– Vi har hatt ei omstilling på produksjonen, så vi har hatt godt med rundballar frå før. Så vi klarar å gjere dette, samt at vi ikkje kjem til å auke talet på sauer så mykje som vi hadde tenkt. Vi må jo berre løyse det på eit vis, seier Solheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser