NRK Meny

Meiner ekstremvêret var som venta

– Det våte og ville vêret vi har hatt så langt i jula, er som venta. Det meiner forskar ved Vestlandsforsking Carlo Aall. Store mengder nedbør og snøsmelting førte mellom anna til fleire jordras rundt om i fylket i julehelga. Det overraskar ikkje Aall som mellom anna viser til at fleire område blir ståande tomme etter skogshogst. Dette gjer at bakken lettare rasar ut, forklarar Aall.

Carlo Aall i Vestlandsforsking
Foto: Jørn Norstrøm