Hopp til innhold

Meiner fylket kan spare 1,5 milliardar kroner ved å leggje E39 i midtre trasé

Nordfjordkryssing AS meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune vil spare 1,5 milliardar kroner dei neste åra på fylkesvegbudsjettet dersom ein legg E39 i midtre trasé i Nordfjord.

Nils R. Sandal og kart over fjordkryssing

LØNNAR SEG: Nordfjordkryssing og styreleiar Nils R. Sandal meiner reknestykket deira syner at midtre linje vil lønne seg for fylkeskommunen.

Foto: Brit Jorunn Svanes/grafikk / NRK/Fjordkryssing

Dermed kjem det ein ny brannfakkel inn i bikkjeslagsmålet om kor E39 skal snirkle seg gjennom Nordfjord.

For Nordfjordkryssing, med styreleiar Nils R. Sandal i spissen, lanserer no eit reknestykke som hevdar at å velje indre E39-linje vil gi fylkeskommunen utgifter på over 1,5 milliardar kroner dei neste 40 åra.

Ifølgje reknestykket deira, vil E39 i midtre trasé derimot ikkje koste fylkeskommunen éi krone.

– Vi har sett på det som har skjedd den siste tida, og diskusjonen går høgt. Vi føler at fylket og fylkeskommunen no har ei unik moglegheit til å få gjort store vegutbyggingar, samtidig som staten tek store delar av det, seier Sandal.

Tala er henta frå KVU

Nordfjordkryssing har sett seg ned og sett på kva fylkeskommunen faktisk kan spare ved å leggje E39 på noverande trasé over Anda-Lote.

– Vi har rekna oss fram til at ein kan spare rundt 1,5 milliardar kroner dei neste 40 åra på vegbudsjettet. Dei opplysningane har vi teke ut frå den KVUen (konsekvensutgreiinga red.anm) som ligg ute, og dei pengane som vanlegvis går med til utbetring og vedlikehald på fylkesvegar. Det kan vere variasjonar i detaljar her, men i det store og det heile skal det vere ganske korrekt.

– Her har Sogn og Fjordane ei god moglegheit til å få bygd ut ganske mykje, seier Sandal.

– Så du er heilt sikker på at tala her er rett?

– Det store biletet skal vere tilnærma korrekt. Og då er den pakken frå staten for å ruste opp Olden-Innvik med i dette biletet, seier Sandal.

Så mykje sparar fylket på indre trasé

Vegprosjekt

E39 i indre trasé
Bru ved Svarstad
                    mill kr.

E39 i midtre trasé
Lote-Anda og Stigedalen
med "pakken"       mil kr.

Ferje Lote-Anda 40 år

480

0

Opprusting Lote-tunnelen
pga tryggleikskrav EU

100

0

Opprusting fylkesveg 60

400

0

Drift/vedlikehald/opp-
rusting Stigedalen 40 år

37

0

Drift/vedlikehald/opp-
rusting Byrkjelo-Anda 40 år

127

0

Drift/vedlikehald/opp-
rusting fv. 60 i 40 år

181

0

Opprusting E39 Byrkjelo-Sandane
(KVU-tal)

500

0

Totalkostnad for fylkeskommunen

1,825

0

Går frå fylkesveg til riksveg

Samferdsledepartementet har gått inn for E39 i midtre Nordfjord over Lote-Anda og Stigedalen. Dei har også lagt 400 millionar kroner på bordet til sluttføring av fylkesveg 60 Olden-Innvik i første planperiode, og ei omgjering av denne vegen frå fylkesveg til riksveg.

Dermed vil alle nord-sør-vegar midtre/indre Nordfjord bli riksvegar, og ifølgje Nordfjordkryssing slepp fylkeskommunen store framtidige kostnader i denne regionen, kuttar ei ferjestrekning og frigjev midlar til andre fylkesvegprosjekt.

– Det er eit fantastisk tal for Sogn og Fjordane, når vi veit kor pressa fylkesvegbudsjettet er, seier Sandal.

– Men er det så enkelt at fylkesvegane då endrar status til riksveg?

– Med riksvegstatus så overtek staten drift og vedlikehald av vegen Byrkjelo-Stryn, og det må også vere ein fordel for Sogn og Fjordane. I tillegg til at ein får halde på dagens linje over Anda-Lote, seier Sandal.

Vil korte ned ventetida

– Men viss det er så store pengar å spare på midtre trasé, er det då nokon som ikkje har gjort godt nok forarbeid sidan desse tala først kjem fram no?

– Dette er tal som har svirra i lufta, ikkje minst dei 400 millionane. Det overraskar meg at ikkje fylket tek dette med glede, og får bygd ut vegar i Sogn og Fjordane, og at mykje som ligg på den lange prioriteringslista for vegane i fylket kan komme opp, dersom Olden-Innvik får desse 400 millionane, seier Sandal.

Han peikar på dei mange vegane som elles ser ut til å måtte vente i lang tid på utbetring.

– Dei siste utspela som er komne i forhold til dei 400 millionane, er noko fylket burde tiljuble, seier Sandal.

Striden lammar heile regionen

– Er det ein spesiell grunn til at dette utspelet kjem nett no?

– Det kjem jo utspel i denne saka kvar einaste dag. Det som er viktig er at vi får ei løysing, slik at denne striden kan leggjast død, slik at vi kan få til eit samarbeid i Nordfjord for å få næringslivet til å utvikle seg positivt, seier Sandal.

Han meiner vegstriden lammar mykje av diskusjonane.

– Difor er det så viktig at vi finn gode løysingar som også tener regional utvikling i Nordfjord og i Sogn og Fjordane, i tillegg til at vi får ein god E39 gjennom Vestlandet. Og så er det viktig at denne avgjerda kjem før valet, seier Sandal.