Hopp til innhold

Meiner ein bør utnytte sjøormen

Hornindal bør utnytte myten om sjøormen på lik linje som det Seljord gjer. Det meiner honndølen Torunn Raftevold Rue som bur i Seljord.

Meiner dei såg sjøorm i Hornindalsvatnet

SJØORM?: Tre kameratar er sikre på at dei såg på Hornindalsvatnet førre veke var ein sjøorm. Ekspertane var ikkje like sikre, men Torunn Raftevold Rue meiner likevel historiene bør utnyttast.

Foto: Andreas Solvik

Raftevold Rue ser kor godt Seljord utnyttar myten om sjøormen i Seljordsvatnet, og ho meiner slike historier lokkar turistar. Det skriv avisa Fjordingen.

Førre veke var tre kameratar ute på Hornindalsvatnet då dei såg det dei er sikre på var ein sjøorm. Ekspertar avkrefta dette, men dei tre sikre på det dei såg.

– Vi har sett det vi har sett. Det er det ikkje tvil om, sa Andreas Solvik til NRK etter den spesielle turen på Hornindalsvatnet.

Dei mest kjende historiene om sjøorm har ein frå nettopp Seljordsvatnet og Lock Ness i Skottland. Men også Hornindal har potensiale til å utnytte si lange historie om sjøormen i Hornindalsvatnet, meiner den utflytte honndølen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Otterdal (f.v.), Andreas Solvik og Finn Nyhammer. Dei såg sjøormen i Hornindalsvatnet

MEINER DEI SÅG SJØORM: Frå venstre: Arvid Otterdal, Andreas Solvik og Finn Nyhammer.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Turistmagnet

– Historiene om sjøormen har vore ein turistmagnet i Seljord, og kommunen, reiselivet og næringslivet har gjennom fleire år vald å satse på sjøormen som ein del av ei opplevingspakke som handlar om å utnytte kulturen i næringssamanheng, seier Raftevold Rue til Fjordingen.

I Seljord er det blant anna plassert ut sjøormkikertar fleire stader rundt Seljordsvatnet. I fjor haust opna dei også eit sjøorm-tårn, der stien ut til tårnet er forma som ein orm som buktar seg i vatnet. Tårnet har allereie hatt over 15 000 besøkjande.

– «Vatnet og sjøormen» er ein del av attraksjonsprosjektet «Seljord og sogene» som starta i 2007, og som har som mål å formidle historier knytt til vatnet, fortel ho til avisa.

Prosjektet skal leggje til rette for ei heilskapleg oppleving av natur, soger og historier.

– Lov å utnytte potensialet

Raftevold Rue seier det hadde vore artig om også Hornindal kunne utnytte historiene om sjøormen.

– Det er jo lov å lage seg attraksjonar og setje sjøormen inn i ein større samanheng der ein viser fram lokal kultur og natur. Ein kan tru det ein vil - at det er noko mystisk i vatnet, eller ein kan la vere. Eg er ikkje så sterk i trua sjølv, men det er lov å utnytte potensialet, seier ho.