Hopp til innhold

– Ikkje greitt at ein liten dyrevernorganisasjon pressar dei store aktørane

Bondelagsleiar meiner matvarekjedene lar seg presse av dyrevernorganisasjonar når dei ikkje lenger vil selje egg frå burhøns.

Siv Hjelle

VIL IKKJE HA BURHØNS: Forbrukarane vil ha egg frå frittgåande høns. Det betyr at mange eggprodusentar no må ta eit val om å investere millionar eller leggje ned.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nesten ingen norske butikkar vil lenger selje egg frå burhøns, og ved inngangen til 2019 har mindre enn 100 eggprodusentar framleis bur.

Det synest leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, er synd. Han meiner matvarekjedene altfor lett lar seg presse av dyrevernorganisasjonar når dei tek val som påverkar den norske matproduksjonen.

– Det er heilt greitt at fleire høns får gå fritt. Det som ikkje er greitt er at ein marginal gruppe som Dyrevernalliansen har overbevist kjedene om at burhøns ikkje er bra.

Felde meiner det skapar ei usikker framtid for eggprodusentane.

– Dei har tvinga eggprodusentar som også kan dokumentere god dyrehelse inn i ein veldig vanskeleg situasjon.

– Har ikkje makt til det

Landet største daglegvarekjede, Norgesgruppen, skal i løpet av 2019 gå over til å selje berre egg frå frittgåande høner. Dei seier avgjerda er basert på det butikkane deira er tent med.

– Felde legg feil premiss til grunn når han seier butikkjedene blir pressa på noko som helst vis. Ein dyrevernorganisasjon har ikkje makt til å presse våre avgjerder. Vi gjer det vi trur butikkane våre er tent med, seier direktør for næringspolitikk og myndigheitskontakt i Norgesgruppen, Bård Gultveit.

Må høyre på bøndene

Bondelagsleiaren er kritisk til bakgrunnen for valet om å kutte ut egg frå burhøns.

– Forbrukarane må få heile sanninga når matvarekjedene og industrien tar slike framtidsretta val. Då skal forsking og fakta vere i grunnen, slik at det ikkje er basert på synsing og føleri frå dyrevernarar.

Meiner du at Dyrevernalliansen ikkje kan dokumentere sine påstandar om at høns har det betre som frittgåande enn i bur?

– Det er vi som sitt på frykteleg mykje av denne kunnskapen, så det er oss matvarekjedene må høyre mest på, seier Felde.

Anders Felde

KRITISK: Bondelagsleiar Anders Felde meiner små dyrevernorganisasjonar pressar dei store matvarekjedene til å ta eit val. Det er han skeptisk til.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Motarbeider dyrevelferd

Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, seier Felde motarbeider betre dyrevelferd.

– Vi presser ikkje kjedene, vi inspirerer dei. No har dei fått meir kunnskap, og sett at det finst betre måtar å gjere ting på. Difor er det synd at bondelaget motarbeider betre dyrevelferd.

– Det ville vore fint om også bondeorganisasjonane støtta kravet frå Dyrevernalliansen og forbrukarane om betre dyrevelferd, seier ho.

Gultvedt i Norgesgruppen seier det er mange synspunkt som ligg til grunn i ei slik avgjerd.

– Vi besøker bønder og snakkar nøye med Nortura, fagfolk og sjølvsagt dyrevernorganisasjonar – det skulle berre mangle. Avgjerda om å gå over til egg frå frittgåande høner er det vi trur kundane vil bli fornøgde med og som vi trur vil betre eggsalet i våre butikkar.