Hopp til innhold

Meiner Domstoladministrasjonen legg opp til sentralisering

Domstoladministrasjonen går inn for at jordskifteretten i Sogn får felles leiing med Sunnfjord og Ytre Sogn.

Eivind Helleland og Hans Ruud

FRYKTAR SENTRALISERING: Eivind Helleland er leiar for jordskifteretten i Nordfjord og Hans Ruud som er leiar for jordskifteretten i Sogn.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dei tilsette er imot ei slik omlegging, og leiar for jordskifteretten i Indre Sogn, Hans Ruud, meiner Domstoladministrasjonen eigentleg vil sentralisere jordskifterettane.

– Diverre har vi ikkje tillit til det arbeidet som Domstoladministrasjonen driv. Vi føler dei har ein skjult agenda som går i retning av strukturendringar, samstundes som dei seier at strukturendringar ikkje er tema no, seier Ruud.

Felles front

Reaksjonane lét ikkje vente på seg då planane om felles leiing for fleire av jordskifterettane på Vestlandet vart kjent tidlegare i år.

Leiarane for dei seks jordskifterettane skreiv då eit protestskriv til sine eigne overordna.

Frå Sogn og Nordfjord kom det også forslag om at dei kunne ha felles leiing. Men Domstoladministrasjonen står fast på å legge jordskifteretten i Indre Sogn under Sunnfjord.

– Dette var inga overrasking, men det var jo eit håp som brast, seier Eivind Helleland som er leiar for jordskifteretten i Nordfjord.

– Kvifor meiner de at det er så problematisk at jordskifteretten i Sogn får felles leiing med jordskifteretten i Sunnfjord og Ytre Sogn?

– Det er problematisk fordi dette eigentleg er ei avgjerd om strukturendringar som vert teken over hovudet på våre folkevalde, som er dei som eigentleg skal ta slike avgjerder, seier Helleland.

– Ikkje sentralisering

Som ei prøveordning i 12 månader vil Domstoladministrasjonen ha felles leiing for jordskifteretten i Sogn og Sunnfjord.

Erling Moe

FELLES LEIING: Erling Moe er kommunikasjonsdirektør i Domstoladministrasjonen.

Foto: NRK

– Vi meiner dette er den løysinga som gir minst sårbarheit for jordskiftemiljøa. I tillegg er det mogleg at det på sikt vert ein jordskifterett i fylket, slik det ser ut til å bli når det gjeld tingrettane. Då tykker vi det er naturleg at hovudsetet ligg i Førde, seier kommunikasjonsdirektør Erling Moe i Domstoladministrasjonen..

– Men då har vel kritikarane i Nordfjord og Sogn rett i si frykt, når dei meiner dette i realiteten er ei tilrettelegging for sentralisering?

– Nei, vi planlegg ikkje sentralisering, men vi legg opp til ei drift som gir eit betre og større fagmiljø. Og så er det slik at det kan skje mykje i løpet av 12 månader, seier Moe.

Mister lokalkunnskap

I Nordfjord vert ikkje jordskifteretten råka av dei endringane som Domstoladministrasjonen går inn for. Men Helleland er uroa med tanke på konsekvensane dette vil få på sikt.

– Vi har til no hatt tre ulike miljø her i fylket, som til saman har utgjort eit felles fylkesmiljø. Det mister vi no. Vi mister ein del av mangfaldet, lokalkunnskapen kjem til å forvitre når ein driv med denne typen sentraliseringstiltak, seier Helleland.

Verken han eller kollegaen i Sogn stolar heilt på Domstoladministrasjonen som seier dette er ei prøveordning.

– Alle slike forsøksordningar har til no enda med permanente ordningar, seier Helleland.