Hopp til innhold

Meiner det vil vere absurd å skyte jerv på Vestlandet i vår

Naturvernforbundet meiner det vil vere absurd om det blir skote jerv på Vestlandet gjennom såkalla ekstraordinære uttak utover våren. Miljødirektoratet har førebels ikkje bestemt seg for om slike tiltak blir aktuelt.

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013

VIL IKKJE SJÅ DETTE I ÅR: Naturvernforbundet er svært kritiske til at det skal bli opna for å avlive jerv ved bruk av såkalla ekstraordinære uttak. Denne jerven var avliva av Statens naturoppsyn i mars 2013.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

Arnodd Håpnes byline

STORT ANSVAR: Arnodd Håpnes meiner Norge har eit stort ansvar for å bevare jerven.

Foto: Naturvernforbundet

– Det kan ikkje skytast jerv på Vestlandet i vår. Det viser også lisensjakta, når kvoten er kjempestor og det ikkje blir skote dyr, seier fagleiar for rovdyr i Naturvernforbundet, Arnodd Håpnes.

Jerv som forsyner seg av saueflokkane på beite er for mange bønder den store skrekken. Tidlegare år har jerv gjort stor skade i Sogn og Fjordane, men dei to siste åra er det ifølgje Statens naturoppsyn ikkje dokumentert skade gjort av jerv i fylket.

Likevel vart det i haust gitt løyve til å felle åtte jerv i region 1 på Vestlandet. Med få dagar att av lisensjakta, ser det ut til at jakta også denne sesongen blir resultatlaus. Sidan 2000 er 75 jerv drepne i regionen. Åtte er tekne på lisensjakt, medan Statens naturoppsyn har avliva nesten alle dei andre gjennom såkalla ekstraordinære uttak. Dei tek seg då opp i fjellet ved bruk av mellom helikopter og snøscooter.

– Avgjerande for bøndene

Leiaren i Jostedalen sankelag, Kjetil Ruud, seier sauebøndene er svært takknemlege for at Statens naturoppsyn reiser til fjells for å avlive jerv når lisensjakta er mislukka. Hadde det ikkje blitt gjort, hadde det blitt nesten umogleg å drive med sau i området, meiner han.

– Når det er bestemt at vår region skal vere beiteprioritert område, så er det rett å gjere det. For beitenæringa i vår kommune er det heilt avgjerande at SNO held fram med ekstraordinære uttak.

Også viltforvaltar Hermund Mjelstad ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner det har vore heilt nødvendig at SNO har gått inn og gjort ekstraordinære uttak av jerv.

Håpnes har klare forventingar til Miljødirektoratet.

– Vi går sterkt imot at det blir gjort hiuttak eller ekstraordinære uttak på Vestlandet i vår. Vi aksepterer at det blir opna for skadefelling seinare i sommar, dersom det blir gjort store skader.

Har ikkje bestemt seg

Lisensjakta blir avslutta 15. februar. Først når den er ferdig vil Miljødirektoratet ta endeleg stilling til om det blir aktuelt å gjere ekstraordinære uttak av jerv.

Susanne Hanssen er seniorrådgjevar i viltseksjonen. Ho seier dei tek utgangspunkt i skader som er gjort og skadepotensial når dei skal bestemme seg.

– Vi har bede SNO om å følgje opp og sjekke opp eventuelle spormeldingar i overvakingsperioden for jerv, som vi går inn i no. Så vil vi vurdere om det er aktuelt med ekstraordinære uttak i region 1.

Sør i region 1 på Vestlandet, i området ved Suldal og Røldal i Rogaland, var det ein del skader på beitedyr i fjor. I dette området har direktoratet allereie vurdert det som aktuelt med ekstraordinære uttak, dersom ikkje lisensjakta gir resultat dei komande dagane.