Hopp til innhold

Meiner det er viktig med råd om rus, sex og prevensjon

FØRDE (NRK): Avgangselevar ved Hafstad vidaregåande skule i Førde er provoserte over at kommunane nedprioriterer helsesøstertenesta. Å kunne få råd om rus, sex og prevensjon er viktig, ikkje minst i russetida, meiner elevane.

Cedrik Fonn Skåre

Raudrussane Kristiane Knutson og Cedrik Fonn Skåre fortel at råd frå ei helsesøster kan vere viktig i russetida. Det er ikkje alt ein kan spørje foreldra om, seier dei.

Foto: Bård Siem / NRK

NRK møter 19 år gamle Cedrik Fonn Skåre i kantina på Hafstad vidaregåande skule i Førde. Saman med Kristiane Knutson (19), gler han seg til den komande russefeiringa.

– Ikkje minst i denne perioden kan det vere mange utfordringar det kan vere fint å snakke med ei helsesøster om, fortel Knutson.

– Helsesøstera har informert oss om kjønnssjukdomar og prevensjon, noko som har vore veldig nyttig, seier Fonn Skåre.

Manglar 1500 helsesøster

Ei fersk undersøking viser at det manglar 1500 helsesøstrer på landsplan for å tilfredsstille Helsedirektoratet sine minimumskrav.

Også i Sogn og Fjordane manglar mange, og berre i Flora kommune manglar tre helsesøster. Knutson håper kommunane vil omprioritere for å få fleire helsesøstrer.

Enkelte kjem til oss fordi dei blir mobba. Andre fordi det er problem rundt at foreldra er skilde.

Ellen Katrine Larsen

Brukar pengane på andre område

Kommunane fekk i fjor ei statleg løyving på 180 millionar kroner for å styrkje helsesøstertenesta. I år er dette auka til 380 millionar kroner.

Men sidan summen ikkje er øyremerka til helsesøstertenesta, brukar berre halvparten av kommunane pengane til det dei er tenkt til.

– Ille

Førde kommune har brukt ekstraløyvinga på fleire helsesøstrer, men Knutson er kritisk til dei kommunane som ikkje har gjort det.

– Når enkelte kommunar heller brukar dei ekstra midlane til å betale ned gjeld, er det ille. Det verkar som om dei ikkje bryr seg om ungdommane sine utfordringar. I russetida blir det ofte mykje alkohol og fest. Råd om prevensjon og om korleis ein bør oppføre seg, kan vere viktig for mange, seier Knutson.

Treng hjelp på mange felt

Ellen Katrine Larsen, nestleiar i landsgruppa for norske helsesøstrer, er opprørt over kommunane si nedprioritering av førebyggjande arbeid for born og unge. Ho fortel at ungdomane treng hjelp på mange felt.

– Det kan vere problem på heimebane i samband med at mor og far er skilde, det kan vere eiga psykisk helse og enkelte føler seg einsame. Andre kjem til oss fordi dei blir mobba. I slike situasjonar er det viktig å ha ei helsesøster å snakke med, seier Larsen.