Normal

Meiner det er tid for endring i Flora

Miljøpartiet Dei Grøne har tru på ei lysare framtid for Florø, trass dystre spådommar.

MDG Flora

FØREBUR SEG TIL LOKALVALET: F.v. Magne Hovland, Cecilie Bauge Malkenes, Martin Malkenes, Brage Waage, Bjarne Melvær Berge.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Flora har vel ikkje endra noko særleg på næringspolitikken sidan 60-talet, seier leiar Martin Malkenes, som meiner det er på tide at Florø får fleire bein å stå på.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) stiller for første gong liste ved kommunevalet i kystbyen, og har eit mål om å endre måten politikarar og næringsliv tenker på.

– All aktivitet er ikkje god aktivitet, sjølv om det av og til kan verke som politikarane meiner det. Vi har meir å by på enn eit røyrlager. Vi må ha eit meir variert næringsliv.

Vi har meir å by på enn eit rørlager.

Martin Malkenes, MDG

Han peikar på at det i neste runde fører til ein lite variert befolkning.

– Då tenker eg spesielt på dei unge, eller mangelen på dei. Tidene har endra seg, og vi må ha meir å tilby dei unge som vi så gjerne vil ha til å busette seg her. Eg ser den demografiske utviklinga som den største utfordringa vår, seier Malkenes.

Martin Malkenes, leiar, MDG Flora

LEIAR I NYTT LOKALLAG: Martin Malkenes er leiar i Flora MDG.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Lettare å omstille seg på ein liten stad

I tillegg til moglegheitene for friluftsliv og å utvikle fornybare næringar, peiker Malkenes på at Flora og Sogn og Fjordane vil ha lettare for å omstille seg enn større kommunar og fylke.

Ein kan ikkje vente at dei utfordringane vi står ovanfor no kan verte ordna med noko quick fix.

Martin Malkenes, MDG Flora

– Eg er likevel uroa for den auka bruken av kontraktarbeidarar som ikkje legg att noko i lokalsamfunnet.

Han erkjenner at dette er store utfordringar, og at å løyse desse problema vil ta tid.

– Ein kan ikkje vente at dei utfordringane vi står ovanfor no kan verte ordna med noko quick fix.

Arbeider med programmet

– Så kva er dykkar løysing? Har de konkrete tiltak?

– Som nystarta lokallag er det dette vi held på å jobbe med. Vi ser fram til å presentere desse etter kvart, seier Malkenes.

Av konkrete døme nemner han miljøvennleg kollektivtransport og ei auka satsing på havbruk. At Flora no er blitt sykkelby, meiner han også dei kan utnytte i større grad.

– Her kan Florø gå framfor som eit godt døme.

Trur folk er klare for noko nytt

Han seier at dei er mange engasjerte, både i og utanfor Florø. Og Malkenes trur folk er klare for noko nytt.

– Vi har veldig lyst å vere med i bystyret, og håpar at vi kan endre tankegangen til resten av politikarane. Håpet er at vi saman kan tenke samfunnsutvikling på ein heilt ny måte, som gjer at Flora attraktiv i framtida.

Bengt Solheim-Olsen

ØNSKER MDG VELKOMMEN: Det er kjekt at folk engasjerer seg i lokalsamfunnet, seier Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Sjølv om ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) ikkje er einig i skuldingane frå Malkenes, og heller ikkje vil gå med på at Flora er inne i ei nedgangstid, ønsker han det nye partiet velkommen.

– Det er berre å ønske dei lukke til. Eg ønsker at så mange som mogleg skal engasjere seg i lokaldemokratiet, så det at vi får ein ny aktør som er oppteken av utviklinga av lokalsamfunnet er berre positivt, seier Solheim-Olsen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune