NRK Meny
Normal

Meiner det er for lite fokus på atomvåpen

Søndag er Sigrid Heiberg frå Kaupanger på plass i Oslo Rådhus, når Den internasjonale kampanjen ICAN, som jobbar for forbod mot atomvåpen, får Nobels fredspris for arbeidet sitt.

Sigrid Heiberg.

PRISVINNAR: Sigrid Heiberg meiner det i dag er for lite fokus på atomvåpen. Her er ho avbilda med atomavtalen i hovudforsamlinga til FN. ICAN har bidrege til at denne avtalen kom i stand.

Foto: porten.no

– Det gler vi oss svært til, seier Heiberg.

Heiberg jobbar som frivillig for organisasjonen, og var inntil i fjor politisk rådgjevar og kampanjekoordinator for ICAN. Den siste tida har ho hatt hendene fulle med å organisere alt som skal på plass før prisutdelinga på søndag.

– No kjem det fleire hundre ICAN-aktivistar til Oslo. Leiaren vår skal halde tale, det skal vere stor konsert i Telenor Arena og det er presse frå heile verda som vil ha ein bit, seier Heiberg.

Her kan du sjå Nobelpris-utdelinga

Skuffa over Norge

I tillegg jobbar organisasjonen med sine vanlege gjeremål, som er å få flest mogleg land til å signere atomvåpenforbodet som FN vedtok 7. juli i år. 122 land røysta for, eitt land røysta mot, eitt land avstod frå å røyste, medan 69 lét vere å stemme. Blant dei 69 var Norge og resten av Nato-landa og atommaktene.

– Det er både skuffande og pinleg for oss i Norge. Særleg med tanke på at det var Norge som saman med ei handfull andre land som starta arbeidet som har leda fram til forbodet som vart vedteke i sommar, seier Heiberg.

– Kvifor er dette så viktig?

– No vart dette vedteke i sommar, og trer i kraft i Folkeretten til neste år. Men det er ikkje slik atomvåpena kjem til å forsvinne berre fordi ein har fått eit forbod, seier Heiberg.

– For lite fokus på atomvåpen

– Som ung tenkte eg ikkje noko særleg over atomvåpen, og hadde vore politisk aktiv lenge før eg innsåg at dette var noko ein måtte engasjere seg mot, seier Heiberg.

Ho meiner at det i dag er for lite merksemd rundt atomvåpen samanlikna med kva det var på 1970 og 1980-talet.

– Faren i dag er ikkje noko mindre enn det den var på 80-talet. Det er berre det at det har vore mindre fokus på det i media og elles. Eg meiner det er eit problem at ein berre har latt atomvåpenproblema ligge, utan å gjere noko med det, seier Heiberg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.