Hopp til innhold

Meiner det er feil å ta betalt for bønn

– Det er ikkje feil å be for sjuke, men det er feil å ta betalt for det, seier Sondre Orrestad i Sogn og Fjordane Indremisjon. Han tek avstand frå metodane til «mirakelpredikantane».

Sondre Orrestad

TEK AVSTAND: Sondre Orrestad er leiar i Sogn og Fjordane Indremisjon. Han håper at folk ikkje blir meir skeptiske til kristne organisasjonar etter VG si sak om Mirakelpredikantane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Slik artikkelen legg det fram gjer Pedersen og Edvardsen butikk på å selje læking og faktisk også vise til guddommeleg kraft, seier leiaren i Sogn og Fjordane Indremisjon, Sondre Orrestad.

VG skreiv i helga om mirakelpredikantane Svein-Magne Pedersen og Tom Roger Edvardsen. Dei tener pengar på å be for folk som er sjuke.

Gjennom stiftelsen «Misjonen Jesus Leger» tilbyr Pedersen mellom anna forbønn over telefon. Telefonsamtalene kostar 14 kroner i minuttet. Ifølgje VG har Pedersen tent 28 millionar kroner på telefonlæking sidan 2007.

Video nsps_upload_2009_2_11_14_37_27_647.jpg

MIRAKELPREDIKANT: Svein-Magne Pedersen har tent store summar på å tilby læking over telefonen.

Foto: Lindhjem, Per Ole / Per Ole Lindhjem/NRK

– Tek meir enn godt betalt

– Eg blir litt lei meg når eg les dette. Læking skjer, det er eg fullstendig overbevist om. Men å ta seg betalt for dette, er noko eg tek avstand frå, seier Orrestad.

Han trur likevel at Pedersen og Edvardsen har lækt folk gjennom verksemda si.

– Eg trur at folk kan ha blitt lækt gjennom denne tenesta. Det er ikkje feil å be for sjuke, men det er feil å ta betalt for det og verksemda til Svein-Magne Pedersen tek seg meir enn godt betalt.

Indremisjonsleiaren håper at denne saka ikkje skadar omdømet deira.

– Kanskje nokre blir meir skeptiske til bøn. Forhåpentlegvis opnar det opp for at folk kan stille spørsmål kring det med bøn og vår tru, noko som kan føre til meir samtale om temaet, seier Orrestad.

Kjem tilbake til Førde

Begge mirakelpredikantane har tidlegare halde møte i Førde Pinsemenighet, der Aslaug Gudrun Aase er leiar. Ho er ikkje kritisk til predikantane sine metodar.

– Alt er jo frivillig. Du treng jo ikkje ta den telefonen om du ikkje vil betale, seier ho.

Ifølgje Aase var det fleire som vart lækt på møta på Pedersen og Edvardsen. Møta har vore gratis å delta på.

– Alle blir ikkje lækt, men det er alltid nokon som blir det. Møta er heilt gratis. Folk kan gi det dei ønskjer gjennom kollekten.

Førde pinsemenighet har allereie byrja å planlegge eit nytt møte med Tom Roger Edvardsen. Aase trur ikkje omtala er skadeleg for omdømet deira.

– No blir dei betre kjent, så dette er berre ekstra PR, seier ho.