Hopp til innhold

Meiner det er ei grense for kor mange gamle fartøy ein kan ta vare på

FLORØ (NRK): Entusiastar vil gjerne hente heim den gamle rutebåten «M/S Sognefjord» frå Malaysia. Samtidig opplever dei som alt driv veteranbåtar at dugnadshendene stadig vert færre og færre.

MS Sognefjord

GAMMAL SLITAR: 'M/S Sognefjord', som no heiter 'Orient Explorer' er til sals i Malaysia for vel tre millionar kroner.

Foto: Harry Rundrheim

Om bord i veteranbåten «M/S Atløy» i Florø fryktar dagens mannskap at dei vert det siste.

– Her vart restaurert for om lag ti år sidan. Det kosta omtrent det same som eit Husbank-hus, seier Sander Ødelien, som er ein av entusiastane.

Den 90 fot lange motorbåten vart bygd i 1931 og var i mange tiår eit viktig bindeledd mellom fleire samfunn langs kysten og i heile Sogn og Fjordane. Veteranbåten Atløy blir driven av ein trufast dugnadsgjeng, men den blir stadig eldre.

– Snittalderen på dei som er ombord er kanskje 70 år. Eg er 50 år og reine ungdommen, ler Ødelien.

Trur det blir krevjande å skape engasjement

Sist veke kom nyheita om at passasjerbåten Sognefjord frå 50-talet er til sals for tre millionar kroner i Malaysia, og det skapte stort engasjement for å få skipet heim.

Fartøyvernar Viggo Nonås skulle gjerne sett den båten òg i ein norsk fjord, men han minner om kor vanskeleg det er å drive dei veteranbåtane som alt fins.

Sander Ødelien

UROA: Atløy-entusiast Sander Ødelien er redd dagens mannskap på fartøyet frå 1931 vert det siste.

Foto: Mattias Rolighet Bergset / NRK

Når eg har sett korleis dei andre fartøyvernprosjekta i Sogn har slite, så trur eg det vil vere utruleg vanskeleg å skaffe nok entusiasme rundt ein så stor båt som Sognefjord, seier Nonås.

Og Ødelien skjønnar godt kva han snakkar om.

– Det er mange om bord her som jobbar 1.000 timar dugnad i året. Då skal du ha stor interesse for å gidde. Vi er avhengige av dei eldre, og når dei eldre ikkje har forhold til båten, blir det ei utfordring, seier Ødelien.

Distriktsnyheter Vestlandsrevyen. TV

Skortar på ressursane til drift

Nonås har sjølv jobba med fleire fartøyvern-prosjekt i Hordaland og meiner at folk bør vere klare over kor omfattande arbeid det er å få i stand og å drive gamle skip.

Det er snakk om store summar, eit relativt komplekst regelverk som skal tilfredsstillast, og ikkje minst er det tøffe krav til tilstanden på skrog, maskin, redningsutstyr og generell tilstand. Eg trur at Sognefjord er eit for stort prosjekt å ta til med på frivilleg basis, seier Nonås.

Det er ressursar til drifta av båtane som er vanskeleg, for i Sogn og Fjordane har veteranbåtprosjekta fått godt med pengar til restaurering.

Men Riksantikvaren kan ikkje gi pengar til å drive båtane. Og når det i tillegg blir nye krav til sertifisering av mannskap frå 2017 går mange veteranbåtar ei usikker framtid i møte.

–Vi klarar det ikkje på dugnad til neste år, trur eg. Men vi veit ikkje kva vi skal gjere til neste år på grunn av dei nye reglane, seier Ødelien.

Distriktenes magasin. Programleder: Tore Andresen.