NRK Meny
Normal

Meiner dei minste barna blir lite høyrt

FØRDE (NRK) – Samfunnet høyrer ikkje på dei minste borna sine behov fordi vi ikkje har lært å tyde signala til barn som ikkje kan uttrykkje seg munnleg. Dette kan gå utover rettstryggleiken til dei minste i samfunnet vårt.

Overlege Hildegunn Knapstad Fauske

ENGASJERT: Barne- og ungdomspsykiater og overlege Hildegunn Knapstad Fauske ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det meiner barne- og ungdomspsykiatar og overlege Hildegunn Knapstad Fauske. Ho er leiar ved småbarnsteamet ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Førde.

– Eg ser at dei minste barna si stemme blir for lite høyrt og lagt merke til i samfunnsdebatten. Andre brukargrupper har stemmer som snakkar for seg, men dei minste barna har ikkje det, seier Knapstad Fauske.

Som fagperson opplever ho at folk identifiserer seg mest med foreldre og at lovverket i praksis tek vare på dei vaksne sine behov. At vi ikkje har fokus på dei aller minste i til dømes barnevernssaker, meiner ho går ut over rettstryggleiken til dei små.

– Vi ser i samfunnsdebatten at det er dei vaksne som blir partar mot kvarandre eller som drøftar saker mot kvarandre. Men det er ei stemme til som ikkje er med. Og det er dei minste borna. Det er utfordrande, meiner Knapstad Fauske.

Konferanse

Denne veka skjer konferansen «Småbarnsdagane» i Førde. Den har fått tittelen «Her er eg, høyr mi stemme» og set fokus på korleis vi kan lære oss å skjønne barna sine uttrykk og signal, utan det blir sagt med reine ord.

– Det er vanskeleg for eit lite barn å fortelje korleis livet er å leve. Dei kan ikkje klage eller seie ifrå slik eldre born eller vaksne kan, seier overlegen.

– Korleis kan vi lytte til eit barn som ikkje har språk?

– Det krev ei undrande haldning til born og at vi bruker tid til å observere barnet.

– Kva skal vi sjå etter hjå barnet?

– Ansiktsuttrykk, korleis dei leikar, korleis dei regulerer kjensler, om dei ser ut til å handtere overgangar i livet, eller om dei har vanskar, seier Knapstad Fauske.

Støtte hjå advokat

Overlegen får støtte hjå advokat Louis Anda. Han ser utfordringane med at dei minste barna ikkje blir høyrt i til dømes barnefordelingssaker.

– Vi har eit lovverk som i prinsippet tek vare på barnet sine ønske, interesser og meining. Men for mindre barn har vi ei utfordring rundt korleis dei skal få ytre seg. Vi har alt for liten kompetanse rundt dette, seier Anda.

Under «Småbarnsdagane» torsdag skal helseminister Bent Høie prate om nettopp psykisk helse for dei minste barna våre.

– Vi kjenner ikkje til at han har vore på slike samlingar før og er veldig glade for at han er med på å løfte barnestemma, seier Knapstad Fauske.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.