Hopp til innhold

Meiner Countryfestivalen er stor nok no

Festivalsjefen seier seg godt nøgd med besøkstala under Countryfestivalen på Breim. Dei har ingen mål om å bli større.

Country Breim

TREKKPLASTER: Dagleg leiar for Countryfestivalen, seier Vassendgutane alltid er eit trekkplaster. Dei spelte fredag kveld.

Foto: Runar Sandnes

– Det har vore ei heilt strålande helg. Masse publikum, god musikk og gode opplevingar, seier dagleg leiar, Arve Kleppe for Norsk Countrytreff.

I år blei festivalen arrangert for 23. gong og har hatt ei lita auke i besøkstala, med heile 13 200 publikummarar til saman.

Vi vil ikkje utvide

Arve Kleppe

NØGD: Countrytreff-sjef, Arve Kleppe, er godt nøgd etter årets musikkfest.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Norsk Coyntrytreff på Breim er allereie ein av dei største festivalane av sitt slag. Men dei har ingen mål om å vekse seg større no. Enda fleire folk hadde berre gjort det utriveleg for gjestane, trur Kleppe.

– Gjestane skal ha det fint når dei er her. Blir vi for mange blir det trongt, seier Arve Kleppe.

Sjølv om festivalane er mange, og konkurransen stor, er Kleppe nøgd med det dei får til på Breim.

– Vi er heilt komfortable med å ha den storleiken vi har. Vi held på med vårt og har trua på det, seier han.

camp, country breim

CAMPING: Kleppe seier dei ikkje vil bli større enn dei er no, slik at det slepp å bli for trongt på campingplassane.

Vassendgutane dreg folk

Til festivalen kjem det folk frå heile landet, og til og med nokre tilreisande frå Sverige. Arve Kleppe seier mange av årets artistar har dratt folk, og kanskje var fredagens konsert med Vassendgutane det største trekkplasteret.

– Vassendgutane dreg alltid masse folk. Også har vi hatt den beste torsdagen gjennom tidene i år, seier Kleppe.

Torsdag var det mellom anna Yngvar Furebotn Band og Kolbeins Saloon som vitja scenen.

dans, countryfestival breim

DANS: I ekte countrystil blei det Line dance under festivalen.