NRK Meny
Normal

Meiner bykommunane må ta i mot fleire flyktningar

I dagens utgåve av BT går ordføraren i Jølster til åtak på dei store bykommunane, som han meiner tek i mot for få flyktningar

Oddmund Klakegg

KRITISK: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, meiner dei små kommunane må ta ein for stor del av flyktningstraumen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Jølster har to flyktningmottak, eitt for einslege mindreårige med 60 plassar og eitt ordinært mottak med 100 plassar. I tillegg har kommunen dei siste åra busett fleire flyktningar som har fått opphaldsløyve. Til saman utgjer flyktningar og asylsøkjarar sju prosent av innbyggjartalet i Jølster.

– Skulle Bergen kommune ha tatt i mot like mange, så hadde det vore over 20 000, medan for Oslo sin del er det vel langt over 100 000, seier Klakegg, som først stod fram med kritikken i BT.

– Sett i forhold innsatsen til dei små kommunane på Vestlandet, så bør dei store bykommunane verkeleg kome på bana og ta i mot fleire flyktningar.

Med det bakteppet tykkjer han det er ekstra ille at regjeringa i det siste statsbudsjettet føreslår å redusere tilskota til småkommunane.

– Når eg blir teken ned kraftig i inntekter i statsbudsjettet og same dagen får telefon om at vi skal auke mottaka i Jølster, då er det klart ein stiller spørsmål, seier Klakegg.

Han meiner ansvaret dei små kommunane får ikkje står i stil med det auka presset på samanslåingar.

– Vi får stadig høyre at vi ikkje er robuste nok, vi har for små fagmiljø og vi må finne saman i større einingar. Men til å drive asylmottak og til å ta i mot flyktningar er vi visst veldig robuste og gode, seier Klakegg.

Førre fredag fekk kommunar over heile landet i oppdrag å melde til fylkesmannen om moglege husvære til flyktningar.

– For mange kommunar er dette utfordrande, då må ansvaret liggje hos dei store bykommunane, som i dag gjer svært lite i forhold til dei små kommunane på Vestlandet, seier Klakegg.