Hopp til innhold

Meiner bru opnar for å diskutere flyplasstruktur

Blir det bruer over Nordfjorden via Anda-Lote, og vidare til Volda bør ein vere villig til å diskutere flyplasstrukturen i området. Det meiner tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane.

Nils R. Sandal

DEBATT: Nils R. Sandal meiner endra kommunikasjon med bru over Anda-Lote vil opne opp for debatt om flyplasstruktur.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg er klar på at vi ikkje er villige til å diskutere flyplasstruktur før kommunikasjonen er blitt på ein slik måte at vi har fått betre flykommunikasjon enn vi har i dag.

– Men om det blir betre er eg villig til å ta diskusjonen, seier Sandal til NRK.no.

Det var nettstaden nett.no som først skreiv om at Sandal var villig til å diskutere flyplasstrukturen i området.

Lova ferjefritt Vestland om 20 år

I mars i fjor lova regjeringa ferjefritt Vestland om 20 år. Dåverande kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var tydeleg stolt når ho presenterte prosjektet som vil innebere kryssing av åtte fjordar. Totalkostnaden var då rekna til 150 milliardar kroner.

Men i minst eitt år før det har diskusjonen om kvar E39 skal krysse Nordfjorden rasa. Det er sterke forkjemparar for både indre linje med kryssing om Stryn, og for midtre linje med kryssing der ferja i dag går mellom Anda-Lote. Det finst også fleire som vil ha brukryssing i ytre.

Neste veke kjem samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen til Nordfjord på synfaring, og det er knytt stor spenning til kva han vil bestemme seg for. Regjeringspartia Høgre og Frp har lokalt i Sogn og Fjordane støtta ei indre linje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørsta-Volda lufthamn og Sandane lufthamn

NÆRARE: Om E39 i framtida går som bru over Anda-Lote og vidare over Stigedalen til Volda vil reisetida mellom flyplassane på Ørsta/Volda (til venstre) og Sandane bli kortare.

Foto: Montasje/Ottar Starheim / NRK

Får millionar i støtte

Allereie fjor vår uttalte NHO-regiondirektør Jan Atle Stang at ein må våge ta debatten om talet flyplassar om E39 blir ferjefri i dette området.

– Når strukturane på vegsida endrar seg må ein nok også sjå på strukturen på flyplassane. Det trur eg vil vere naturleg, sa Stang til NRK.no.

Sandane Lufthamn får årleg drygt 20 millionar kroner i støtte frå Avinor og i tillegg får Widerøe dryge 46 millionar i passasjerstøtte.

Trur bru over Anda-Lote kan styrke Sandane

Torsdag vart det arrangert ein konferanse på Nordfjordeid, der tema var framtidige E39 langs kysten. På nytt var det der teke til orde for å diskutere flyplasstruktur om E39 blir ferjefri gjennom Nordfjord.

Ifølgje Vegvesenet vil avstanden mellom Sandane lufthamn og Ørsta/Volda lufthamn vere berre 35–40 minutt om ein går for midtre linje med bru over Nordfjorden ved Anda-Lote og bru over Voldafjorden.

– Vi må vere villige til å diskutere det totale kommunikasjonsbilete i ein samanheng, seier Nils R. Sandal.

Han er klar på at han lenge har vore ein forsvarar av å ha fire flyplassar i Sogn og Fjordane, men om vegane blir betre kan han vere villig til å diskutere ei endring.

Sandal trur ei E39-bru mellom Anda-Lote vil styrke Sandane lufthamn sin posisjon.

– Det kan hende det er Sandane lufthamn som skal vere den framtidige regionale flyplassen. Dette fordi Sandane vil bli mykje sterkare i og med at vi får sterkare bindingar med ei midtre linje gjennom Nordfjord, seier Sandal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils R. Sandal og Eid-ordførar Alfred Bjørlo på konferanse om ferjefri E39

ANDA-LOTE: Både Nils R. Sandal og Eid-ordførar Alfred Bjørlo håpar valet på kryssing av Nordfjorden fell på Anda-Lote, midtre linje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Set sin lit til ministeren

Også Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner det er rom for å diskutere struktur om vegkommunikasjonen blir betra med ei bru mellom Anda-Lote.

– Den store skilnaden mellom å velje midtre og indre trase, er at ein ved å velje midtre vil erstatte to ferjer og skape kortare avstandar mellom heile ytre og midtre Nordfjord, og Sunnmøre, seier han og held fram.

– Ved å binde saman heile Nordfjord kan ein også starte diskusjonen om strukturar, alt frå kommunestruktur, statlege funksjonar, flyplassar, sjukehus og andre ting.

Han meiner samtidig at E39 via indre linje vil blokkere for denne typen moglege strukturgrep. Venstre-politikaren set difor sin lit til samferdsleministeren.

– Vegvesenet har i sitt arbeid ikkje teke omsyn til denne typen strukturelle endringar, men det må gjerast før det blir teke ei politisk avgjerd.