Hopp til innhold

Meiner breiddefotball er like viktig som opprykk

Sjølv om Florø sitt A-lag i fotball har rykt opp i 1. divisjon og Førde rykker ned i 3. divisjon, har Førde like mykje suksess som Florø. Det meiner Johan Pettersen som er sportsleg leiar i Førde Fotball.

Johan Pettersen

Sportsleg leiar i Førde fotball, Johan Pettersen, meiner ein må sjå langt breiare enn A-laget herrar for å avgjere om klubben har suksess.

Foto: Bård Siem / NRK

Medan Florø har om lag 550 aktive fotballspelarar, har Førde godt over 1200 aktive. Førde satsar også mykje på jentefotball og har eit kvinnelag som rykker opp frå 3. divisjon til 2. divisjon. Florø har få jentelag og kvinnefotball har aldri vore eit satsingsområde.

– Det er mange måtar å måle suksess på, seier ein smilande Pettersen medan har ser på ein gjeng som spelar på ei av banene på Hafstadflata i Førde.

Han er ikkje med på at Førde-fotballen er rein fiasko fordi herrelaget har rykt ned.

Det blir for snevert å sjå berre på A-laget herrer. Førde Fotball er mykje meir.

Johan Pettersen

Opprykk

Sist laurdag var det elleville scener på Florø stadion då fotballherrane slo Nest Sotra og sikra opprykket til 1. divisjon. Med 13 sigrar på rad var det ingen som lenger kunne hamle opp med Florø. Førde ligg sist på tabellen og nedrykket til 3. divisjon har lenge vore klart.

– Førde Fotball er mykje meir enn A-laget herrar, seier Pettersen.

Satsar på jentefotball

Pettersen er imponert over det fotballkarane i havgapet i vest har fått til og fortel at han unner Florø opprykket for alt det er verdt. Han ønskjer heller ikkje å kritisere Florø for at klubben har under halvparten så mange aktive spelarar som Førde. Samtidig er han tindrande klar på at Førde sin måte å drive fotballklubben på er ein minst like stor suksess som Florø.

– Vi driv veldig godt i aldersbestemt fotball. Vi har mange gode enkeltspelarar og mange gode trenarar. Det er ikkje alltid at status for A-laget herrar er fasit for suksess. Mellom anna rykker damelaget vårt opp frå 3. divisjon til 2. divisjon. Vi er veldig medvitne på at vi ønskjer å ha med flest mogleg lengst mogleg i fotballen, seier han.

De er veldig gode på breidde i Førde, men gjev de blaffen i dei beste?

– Nei, på ingen måte. Førde har opp gjennom åra produsert mange spelarar til toppfotballen. Sesongen i år har vore skuffande for A-laget, men vi gjer det vi kan for å kome sterkt tilbake, seier Pettersen.

Det er i dag registrert 12.900 innbyggarar i Førde, om lag 1000 fleire enn i Florø. Ser ein på aktive fotballspelarar på dei to stadene, har Førde om lag 1.200 medan Florø har berre 550.

Arild Melvær

Styreleiar i Florø Fotball, Arild Melvær, jublar over at klubben rykker opp frå 2. divisjon til 1. divisjon. Han avviser at Florø satsar berre på dei beste spelarane.

Foto: Bård Siem / NRK

Avviser tidleg topping

Styreleiar i Florø Fotball, Arild Melvær, avviser at eit for dårleg tilbod til dei nest beste er årsaka til at Florø har så få aktive samanlikna med Førde.

– Alle som vil spele fotball i Florø får vere med. Vi har i tillegg ekstratilbod med fotballakademi til alle som vil. Då får dei tilbod om å trene ekstra i helgane, i tillegg til den treninga dei har med sitt eige årskull, seier han.

Dei som har gripe sjansen, er på A-laget i dag. Så enkelt og så vanskeleg er det.

Arild Melvær

Melvær avviser at topping eller spissing i ung alder gjer at dei nest beste i Florø gir seg tidleg.

Men korleis forklarer du at Førde har så mange fleire aktive fotballspelarar enn Florø?

– På dagens A-lag har fleire av spelarane trent i lag sidan dei var åtte år gamle og vi har gjeve alle sjansen. Dei som har gripe sjansen, er på A-laget i dag. Så enkelt og så vanskeleg er det, seier han.

Tek sjølvkritikk

Samtidig tek Melvær sjølvkritikk for at Florø-fotballen burde fått med seg fleire frå kvart årskull.

– Ikkje minst når det gjeld jentene har vi vore altfor dårlege. Dette jobbar vi seriøst med å rette på, seier han.