Meiner brannvesenet må gjere stadig fleire politioppdrag

GAULAR (NRK): Varabrannsjef i Gaular, Per Otto Selstad, er uroa over at lokalt brannvesen stadig må gjere oppgåver som politiet før tok seg av.

Per Otto Selstad

UROA: Varabrannsjef i Gaular, Per Otto Selstad.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har hatt nokre tilfelle der politiet har bedd 110-sentralen om at vakthavande i Gaular rykkjer ut for å sjekke til dømes bilar som står utanfor vegen. Det meiner eg er ei politisak. Det er ikkje brannvesenet si oppgåve å sjekke når det ikkje er folk i bilane, seier varabrannsjef i Gaular, Per Otto Selstad, som har jobba i brannvesenet i 35 år.

– Vi føler at det tek lengre tid no før politiet kjem på ein skadestad enn tidlegare, seier Selstad.

Meiner det skuldast nærpolitireforma

Tidlegare i sommar kom brannvesenet i Høyanger først på staden då ein knivdesperado måtte arresterast. Selstad likar ikkje utviklinga.

– Det er vel den nye politireforma som gjer til at det vert større og større distrikt for politiet, og det tek lengre og lengre tid for å rykkje ut til ein skadestad, seier Selstad.

Steinar Ness, tidlegare generalsekretær i Senterpartiet, meiner innføringa av politireforma er årsaka til dei uklare grensene mellom politi og brannvesen.

Steinar Ness

ROPAR VARSKU: Tidlegare generalsekretær i Senterpartiet, Steinar Ness.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg ser behov for å slå riksalarm både ovanfor folkevalde og innbyggjarar i distrikts-Norge, uansett parti, seier Ness.

– Desse nye prosedyrane er ikkje avklara med kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon KS og dei er ikkje sende til kommunane ved ordførarar og rådmenn. Direktoratet har gitt instruks direkte til dei kommunalt tilsette i brannkorpsa, seier Ness.

Føler reforma skjer bak ryggen til folk

Han peikar på at dei som jobbar i brannvesenet tek på seg eit veldig stort ansvar når dei går inn i denne type situasjonar.

– Dei tek også på seg eit ansvar ved å ikkje gripe inn. Dette har dei ikkje utdanning for. Det er heller ikkje avklart kva rettstryggleik dei har. Eg føler at dette skjer bak ryggen på innbyggjarar og folkevalde, i lys av dette som er kalla nærpolitireforma, torar Ness.

Politiinspektør Odd Arve Solvåg seier brannvesenet har eit lovpålagt ansvar ved trafikkulykker og andre hendingar.

– Politiet ringjer ikkje direkte til brannvesenet og ber dei ut for oppdrag. Brannvesenet har eit sjølvstendig og lovpålagt ansvar når det til dømes gjeld trafikkulykker, der dei har ansvar som innsatsleiar til politiet er framme og kan overta, seier Solvåg.

Meiner det handlar om organisering

– Ser du den same utviklinga som lokale brannfolk, at dei må ta stadig fleire oppdrag som politiet gjorde før?

– Nei, det blir ikkje rett å seie at dei tek oppdrag. Brannvesenet har ei anna organisering enn politiet, og brannvesenet er ofte først på staden ved hendingar som også politiet er på veg til. At brannvesenet då må ta ansvar som innsatsleiar fram til politiet kan overta, er det som skjer, seier Solvåg.

– Er du uroa over utviklinga?

– Vi skulle alltid ønskje at politiet kunne vere like tidleg ute som dei andre naudetatane i alle samanhengar. Men no er det slik at politiet har ei anna organisering enn både helsevesenet og brannvesenet, seier Solvåg.

Det roar ikkje varabrannsjefen i Gaular det minste.

– Eg blir litt uroa over at politiet nærast skubbar meir og meir over på det lokale brannvesenet, seier Selstad.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.