Hopp til innhold

Meiner brannen starta i stova

Politiet konkluderer med at husbrannen i Stryn søndag tok til i stova.

Brann i Stryn

TOTALSKADD: Bustadhuset på Ytreeidet i Stryn vart totalskadd i brannen.

Foto: Roger Vik

– Vi har i dag vore og undersøkt brannstaden, og vi har funne ut at arnestaden er i stova, seier politibetjent ved Stryn lensmannskontor, Vidar Stavik.

Brannen vart meld like før klokka 21 søndag kveld. Det brannskadde huset står på eit gardsbruk på Ytreeidet i Stryn.

Ingen personar vart skadde i brannen, men huset er totalskadd.

– Hovudetasjen er å rekne som totalskadd, seier Stavik.

Har tru på at dei finn årsaka

Under granskinga i dag har politiet funne fleire gjenstandar som dei ønskjer å få undersøkt nærare.

– Vi har sikra fleire gjenstandar frå stova, seier Stavik.

Politiet meiner det er sannsynleg at dei finn fram til kva som var årsaka til brannen.

– Eg håpar vi klarar det. Vi kan ikkje seie det sikkert, men vi har eit håp, seier Stavik.