Hopp til innhold

Meiner Borgersen er rette trenaren

Bård Borgersen (39) skal vere aktuell som Sogndal sin nye trenar.

Bård Borgersen etter Sogndal-kampen.

KAN BLI SOGNDAL-TRENAR: Bård Borgersen har av fleire vel informerte kjelder blitt lansert som ein mogleg trenar for Sogndal. Her er Borgersen fotografert etter kampen mellom Sogndal og Start på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han vil passe godt i ein klubb som Sogndal, seier sportsjournalist Kjetil Flygind i Fædrelandsvennen til Sogn Avis.

Bård Borgersen siglar opp som det heitaste namnet i spekulasjonane om kven som skal overta som trenar etter Harald Aabrekk i Sogndal.

– Er ein typisk «klubbtype»

For to veker sidan ville ikkje 39-åringen kommentere saka på direkte spørsmål frå NRK, men viste vidare til leiinga i Sogndal.

No kan Flygind anbefale den tidlegare Start- og Aalborg-spelaren for sogningane.

– Borgersen er ein typisk «klubbtype», som engasjerer og involverer seg på mange område i organisasjonen. Han er ikkje den som trenar laget, dusjar og reiser heim att – han likar å bruke heile dagen saman med spelarane og dei andre i klubben for å byggje opp noko rundt seg, seier journalisten til Sogn Avis.

Vil ikkje stadfeste spekulasjonane

Borgersen er i dag hovudtrenar for Start sitt andrelag. Han har spelt for Start, Aalborg og Odd Grenland – og han har ti landskampar for Norge.

Overfor Sogn Avis vil Sogndal-leiar Tor Arne Ness korkje stadfeste eller avkrefte spekulasjonane rundt Borgersen.

Tidlegare har også Tor Thodesen og Ørjan Christiansen vore nemnde som aktuelle trenarar for Sogndal. Sogn Avis meiner å vite at også Morten Pedersen i Tromsdalen skal vere ein kandidat.

Bård Borgersen
Foto: Oddgeir Øystese / NRK