Hopp til innhold

Meiner bompengesplid er valkampstrategi

Frp og Venstre er usamde om kven som tener på bompengespliden. Men ein ting er dei einige om: Det andre partiet nyttar det som retorisk strategi i valkampen.

Frank Willy Djuvik

BEVISST: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner konflikten over bompengeskissa kan vere ein bevisst strategi mot Frp inn mot valkampen.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

– Når me er komme så langt og funne ei så god løysing for alle partar, så meiner eg det vert meir retorisk valkampsmessig av Venstre å ikkje gå med på den avtalen, seier fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Skuffande

Denne helga vart det kjend at Venstre seier nei til bompengeskissa som allereie har vorte godkjent av Frp på deira landsstyre. Etter det NRK erfarer skal skissa, som har ein totalramme på omtrent 21 milliardar kronar, medan anna innehalde ein auke i den statlege andelen til kollektivsatsing frå 50 til 70 prosent.

Transportøkonomisk institutt har vurdert skissa for NRK og meiner ho vil ha lite å seie for bilistane.

Djuvik stiller seg uforståande til at Venstre vel å ikkje slutte seg til ein avtale han meiner gagnar både folk og miljøet.

– Eg er sjølvsagt skuffa over at Venstre ikkje kan slutte seg til ei slik skisse. Med denne avtalen får ein betre infrastruktur, noko som i seg sjølv førar til miljøgevinst. Samstundes får me ned bompengane og i byane og distriktet.

Djuvik meiner det kan verke som at Venstre ønskjer å gjere det verst mogleg for folk å køyre bil.

– Realiteten er at me framleis er avhengige av å ha bil, og då må sånne løysingar til. Me kan ikkje tappe folk for pengar når me skal byggje vegar, seier han.

Valkampstrategi

Djuvik set spørsmålsteikn ved at Venstre vel å skrote til bompengeavtalen no, rett før valet.

– Venstre veit at dette er ei veldig viktig sak for Frp. Eg håpar me snarast mogleg kan få denne avtalen i hamn så me kan diskutere andre viktige valkampsaker lokalt, for det er det me bør bruke valkampen på.

Fylkesleiaren seier vidare at han fort trur dette kan vere ei bevist valkampstrategi frå partiet, for å øydelegge for Frp.

– Eg trur dei forsøker å mjølke dette inn i valkampen men det står nesten stå for eiga rekning, seier han.

Djupt ueinig

Statssekretær Atle Hamar (V) stiller seg uforståande til det Djuvik seier. Han meiner at Frp har vore ein offentleg pådrivar til denne konflikten i media.

– Eg lurer på kven som nyttar dette som eit verkemiddel i valkampen når Frp går ut med dette i ein pressekonferanse, seier han.

 Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet

IKKJE FERDIGFORHANDLA: Alte Hamar (V) meiner Frp lyt vere opne for forhandlingar, dersom avtalen skal komme gjennom.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK


Hamar seier Frp må sjå seg villig til å reforhandle element i bompengeskissa for å hindre konflikten over innhaldet innanfor regjeringa.

– Som nestleiar og klima- og miljøminister Ola Elvestuen sa i går, så kan ikkje Frp forhandle med seg sjølv. Dette er ei sak som ligg i regjeringa og det er ei sak mellom fire parti som skal avgjerast og det skal vere ei prosess på, seier han.