Meiner bombetrussel ikkje burde blitt teken på alvor

Bombetrusselen mot eit fly i Bergen burde ikkje ført til full evakuering, meiner forsvararen til kvinna som er tiltalt i saka.

Louis Anda

UNØDVENDIG: Advokat Louis Anda meiner det var unødvendig å evakuere Bergen lufthavn Flesland då ein bombetrussel tikka inn 3. mars i år.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Det vart slått full alarm ved Bergen lufthavn Flesland då ei ein bombetrussel tikka inn om kvelden 3. mars i år. Unødvendig, meiner Louis Anda, advokaten til kvinna som er tiltalt for å ha komme med trusselen.

– Ein må vurdere kven bombetrusselen kjem frå, kva omstende den blir gjeve og ikkje minst i forhold til dei strenge tryggingstiltak som i dag er på flyplassane, seier han.

Evakuerte heile flyplassen

Heile Bergen lufthamn vart evakuert og alle fly vart kansellerte då det kom inn ein bombetrussel mot eit Widerøe-fly som skulle frå Bergen til Kristiansund.

Trusselen kom via ei chatteteneste på flyeselskapet si nettside. I august må ei ung kvinne frå Sunnfjord møte i Fjordane tingrett tiltalt for både bombetrusselen, og truslar mot politiet i Førde. Dersom funnen skuldig risikerer kvinna bot eller fengsel i inntil tre år.

– Eit viktig poeng i denne rettssaka er kor naudsynt det har vore at ein slik trussel utan vidare skal takast på alvor og bokstaveleg, med den følge at ein stenger heile flyplassen, seier Anda.

– Vi må ta alle trugslar på alvor

Fungerande lufthamnsjef i Bergen, Øystein Skaar avviser at dei overreagerte.

– Vi er nøydd til å ta alle bombetruslar seriøst uavhengig av korleis dei kjem inn. I dette tilfelle konkluderte også politiet med at det var riktig å evakuere terminalen ut ifrå den informasjonen vi hadde, seier han.

Flyselskapet Wideøre stadfester at dei vil krevje 400.000 kroner i erstatning etter bombetrusselen, men vil ikkje kommentere kritikken frå tiltalte sin forsvarar.

– I denne summen ligg kostnadene vi hadde med dei ni kanselleringane som trugsmålet førte med seg. Det var 227 passasjerar som fekk avgangane sine kansellerte. Dei måtte overnatte, så det er direktekostnader, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.