Hopp til innhold

Meiner Bø-suksess vil gjere skiskyttar-line meir attraktiv

OL-gullet til Johannes Thingnes Bø vil gjere landslina i skiskyting i Stryn meir attraktiv, trur lærarar og elevar ved lina.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Langrenn kvinner.

GULLVINNAR: Johannes Thingnes Bø et kake på utøvarhotellet, Olive hotell etter sigeren på 20 kilometer skiskyting i OL i Pyeongchang.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det at Johannes har hatt ein kjempesesong og toppar det heile med OL-gull, er veldig god reklame for oss. Dette viser at ein kan bli best i verda ved å bu i Stryn og gå på skiskyttarlina her, seier Anders Vonheim som er lærar ved skiskyttarlina.

Han trur Bø-brørne sin suksess vil føre til at endå fleire kjem til å søkje lina i Stryn.

– Har de unge talent ved skulen i dag som kan vere framtidige OL-vinnarar?

– Forhåpentlegvis har vi fleire, men det er mykje opp til dei sjølve. Gjer dei jobben og har den rette motivasjonen, er alt mogleg, seier Vonheim.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Langrenn kvinner.

KAKEFEST: Johannes Thingnes Bø (t.v.) serverer kake til storebror Tarjei Bø før kakefesten på utøvarhotellet, Olive hotell etter sigeren på 20 kilometer skiskyting i OL.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Blir inspirert av OL-vinnaren

18 år gamle Aksel Mathias Meland, som sjølv er elev ved skiskyttarlina i Stryn, fortel at Johannes sin OL-siger er veldig inspirerande for alle elevane.

– Dette viser at også vi som går har i dag kan nå langt. Målet mitt er å kome landslaget og ein gong gå heilt til topps i VM og OL, seier Meland som i fjor vart juniornoregsmeister.

Han er full av lovord om skiskyttarlina i Stryn.

– Vi har eit veldig godt treningsopplegg og får god oppfølging. Lærarane er dyktige og miljøet er topp, seier Meland.

Aksel Mathias Meland

INSPIRERT: 18 år gamle Aksel Mathias Meland, som går på skiskyttarlina i Stryn, fortel at Johannes Thingnes Bø sitt OL-gull gjev ekstra inspirasjon. I fjor tok han sjølv gull under junior-NM i skiskyting.

Foto: Rune Tryggestad

Aldri sett større talent

Rune Åland var lærar ved skiskyttarlina i Stryn i tidsrommet 2009 til 2012, då Johannes var elev der.

– Han er det største skiskyttartalentet eg har vore lærar for. Han var spesielt sterk i skisporet og skytinga vart raskt betre. Eg forstod at han kunne nå veldig, veldig langt.

Større talent enn Bjørndalen?

– Ja, heilt klart. Talentet hans var unikt. Han er det største norske skiskyttartalentet nokon gong, seier Åland.

Det blir teke inn 10 nye elevar kvart år på landslina for skiskyting i Stryn. Det er flest elevar frå nærområdet, men det kjem også nokre frå Oppland og Møre og Romsdal. No er håpet at det skal kome elevar frå heile landet.