Hopp til innhold

Meiner barnemusikk ikkje blir tatt på alvor

Verken aviser eller radiokanalar verkar å ta barnemusikk på alvor. Det meiner frontfigur i bluesbandet Good Time Charlie.

Arle Hjelmeland

VANSKELEG: Å nå ut med barnemusikk er inspirerande, men særs vanskeleg. Det meiner Arle Hjelmeland, som saman med bandet sitt har to barneplater bak seg. Trass gode meldingar slit dei med å bli spelte på radio.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er ekstremt vanskeleg å nå ut til radioprodusentar, meldarar og slikt, fortel Arle Hjelmeland.

For ein knapp månad sidan gav han og bandet ut si andre barneplate. Platemeldarane har trilla terningen til både fem og seks, og likevel har det vore relativt lite merksemd kring plata.

– Vi har halde på lenge, og alle platene våre har fått gode tilbakemeldingar i dei største avisene. Då vi kom med barneplate var det bråstopp. Det var akkurat som å møte ein vegg, som at barnemusikk ikkje er seriøst nok. Eg meiner det er feil, seier Hjelmeland.

Må treffe både små og store

Han og bandet har gjeve ut ei rekkje album, og frontfiguren meiner det å lage musikk for born er noko av det aller vanskelegaste dei har gjort.

– Born er framtida, og om dei ikkje skal takast på alvor musikalsk, så blir det feil.

Musikksjef i P1, Atle Bredal, lyttar på så å seie all norsk musikk som kjem ut. Han meiner det er fleire grunnar til at songar frå plata til Good Time Charlie si siste barneplate ikkje er spelt mykje på NRK P1.

Atle Bredal

MÅLGRUPPE: Barnemusikk er ingen eigen sjanger, og skal musikken bli spelt på NRK P1 må også vaksne omfamne musikken, seier musikksjef i NRK P1 Atle Bredal.

Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

– P1 spelar ikkje mykje musikk retta mot born. Vi er først og fremst for det store publikummet, og vi spelar til dømes Knutsen og Ludvigsen. Dei hadde ei tilnærming som også passa vaksne godt, seier Bredal.

Han er klar på at timing er særs viktig, sidan det kjem ut så mykje musikk heile tida. Han understrekar også at barnemusikk ikkje er ein sjanger i seg sjølv, men heller musikk med tekstar retta mot born, noko som gjer det utfordrande. For i mange heimar er det nok foreldra som bestemmer kva musikk som skal kjøpast inn og stå høgt på anlegget, og dermed må også dei like det.

Inspirerande og kreativt arbeid

Hjelmeland meiner deira musikk nettopp er tilpassa både store og små.

– Når vi spelar konsert på kvelden, så er det gjerne barnesongane dei vaksne vil ha som ekstranummer. Tekstane våre jobbar eg med for at dei skal ha fleire dimensjonar, og vi får respons på at dei også har det.

Å lage barnemusikk er så varmande og inspirerande meiner Good Time Charlie, at dei ikkje vil gje seg med berre to plater.

– Vi trivst med å gje ut barnemusikk, seier Hjelmeland.