Hopp til innhold

Meiner at for mange pasientar blir sendt til MR-undersøking

For mange pasientar blir unødvendig sendt til MR-undersøkingar her i fylket. Det meiner leiaren i legeforeininga.

Tommelen opp før MR-undersøkelsen

FOR OFTE? Pasientar blir for ofte sendt til MR-undersøking, meiner legeleiar.

Foto: Caroline Rugeldal / NRK

– Vi har MR to stadar i fylket og vi må vere varsame med å tilvise for masse der det er kapasitetsproblem. Dersom ein skal tilvise alle skuldrer ein har vondt i, så vil kanskje dei undersøkingane som er meir naudsynte lide dersom det er lang kø.

Det seier allmennlege i Florø og leiar i legeforeininga i Sogn og Fjordane, Ronny Cassels.

Han støttar dermed utspelet frå professor i medisin, Olav Helge Førde, som meiner at altfor mange blir sende til kostbare undersøkingar, utan at det er nokon grunn til det.

– Alt for mange ønskjer seg tilvising, og vi kan ikkje sende alle med vanlege, banale symptom inn i spesialisthelsetenesta, sa Førde til NRK tidlegare denne veka.

– Overdriven tru

Tal frå Norsk pasientregister viser at viser at 203.000 pasientar i fjor vart vurdert til å ikkje ha behov for hjelp, då dei kom til spesialistane. Talet har auka jamt og trutt dei siste åra. Trenden er den same i Helse Førde, stadfester fagdirektør Hans Johan Breidablik.

– Vi har jo prøvd å følgje med på dette i ganske mange år og variasjonen i mengda av tilvisingar er om lag på det same nivået.

Breidablik har inntrykk av at mange, både legar og pasientar, har nærast overdriven tru på spesialistane.

– I dette trur eg også det ligg det også at mange pasientar og for så vidt også fagfolk trur at nytta ved ei undersøking hos ein spesialist er større enn den i røynda er, seier Breidablik.

Kjenner seg sett i gapestokken

OVERBEHANDLING: Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, meiner at for mange får unødvendige undersøkingar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tydelege skilnader

Helse Førde sit på betydelege mengder statistikk som syner at det er særleg frå dei minste kommunane at flest blir tilvist til spesialisthelsetenesta.

– Vi finn at det er skilnad frå kommune til kommune i graden av tilvisingar og behandlingar i spesialisthelsetenesta, seier prosjektleiar for samhandlingsbarometeret i Helse Førde, Emma Bjørnsen.

Ronny Cassels i legeforeininga meiner likevel at det er rett å sende ein pasient til spesialist ein gong for mykje enn ein gong for lite.

– Legar har ulik erfaring. I kommunar der det er gjennomtrekk av legar og vanskeleg å rekruttere nye, så er det slik at dersom ein ikkje kjenner pasienten så godt, så ser vi ein større frekvens på tilvising. Sånn må det vere.