Hopp til innhold

Eks-styremedlem meiner årsresultatet i Fjord1 er feilaktig og oppblåst

Nyleg avgått styremedlem i Fjord1, Lars Pamer, meiner åresultatet for transportkonsernet på 24 millionar er feilaktig og oppblåst.

Fjord1

MEINER DET ER FEIL: Tidlegare Fjord1-styremedlem, Lars Pamer, meiner årsresultatet til Fjord1 vert presentert feilaktig.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Pamer er ein av to styremedlemmer som har trekt seg frå Fjord1-styret grunna misnøye med styreleiar Reidar Sandal.

Eit underskot på 107 millionar er meir realistisk, skriv Pamer i ein e-post til dei andre styremedlemmene.

Det er i ein e-post til resten av Fjord1-styret Lars Pamer skriv at den framlagde årsrekneskapen for 2013 ikkje gjev eit korrekt bilde av selskapet si inntening.

Ligg inne latent tap

Lars Pamer

Tidlegare styremedlem Lars Pamer.

Foto: Pressefoto / Fjord1
Eva von Hirsch

Tidlegare styremedlem Eva von Hirsch.

Foto: Pressefoto / Fjord1

Medan administrasjonen og resten av styret kom fram til eit resultat på 24 millionar kroner i pluss, meiner Pamer at 107 millionar kroner i minus gjev ei meir objektiv framstilling av resultatet.

Han viser mellom anna til at det ligg inne eit latent tap på 130 millionar kroner på sikringsforretningar, og at ei irrasjonell handling frå ein kontraktsmotpart må til for at ikkje resultatet skal bli 20 millionar kroner dårlegare enn det administrasjonen legg opp til.

Pamer, som saman med Eva von Hirsch, trekte seg frå Fjord1-styret i protest mot styreleiar Reidar Sandal sin leiarstil, skriv mellom anna:

«Etter ei rekkje økonomiske skandalar, blant anna Enron og Tromskraft, har styret si plikt til å levere ein mest mogleg objektivt og riktig rekneskap, auka monaleg. Vidare byggjer heile kredittsystemet på at lånetakarar ikkje manipulerer rekneskapsdata.»

Avviser manipulasjon av rekneskapen

Konstituert administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen, avviser påstandane frå Pamer og seier eit plussresultat på 24 millionar er det rette.

– Konklusjonen, etter ein svært nøye gjennomgang både av oss, kontrollert av revisoren vår, tilseier at resultatet vårt for 2013 på 24 millionar kroner overskot er heilt korrekt, seier Kristoffersen.

Stig Kristoffersen

USAMD: Konstituert administrerande direktør i fjord1; Stig Kristoffersen, avviser påstandane frå Pamer.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Så det er ikkje snakk om noko manipulering av rekneskap?

– Det gjer vi sjølvsagt ikkje. Vi fører rekneskap etter dei normale forsiktigheitsprinsipp som gjeld innanfor lovverket, seier Kristoffersen.