Hopp til innhold

Meiner Ap-utspel er uheldig

Det politiske bikkjeslagsmålet rundt eigarskapen i Fjord1 vil ingen ende ta. Høgre er opprørt etter at Arbeidarpartiet har flagga at dei ikkje vil selje Fjord1 uansett.

Noralv Distad

OPPGITT: Høgre-gruppeleiar Noralv Distad meiner Ap forhastar seg i Fjord1-saka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg reagerer på at Hilmar Høl går ut og seier at Arbeidarpartiet allereie har konkludert. Det er veldig spesielt. Eg synest det er uheldig for den vidare prosessen.

Det seier Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget, Noralv Distad.

Ap: – Nokon prøver seg heile tida

Onsdag gjorde fylkesleiar Hilmar Høl i Ap det endeleg klart via media at dei ikkje har planar om å selje Sogn og Fjordane fylkeskommune sin aksjepost i Fjord1.

Hilmar Høl

VIL IKKJE SELJE: Fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, meiner bråket rundt Fjord1 botnar ut i at opposisjonen vil selje eigarposten i Fjord1.

Foto: Bård Siem / NRK

Det skjer i etterkant av at fylkesordføraren har fått krass kritikk for å verken ha fått eller bedt om informasjon om Fjord1 sitt arbeid med å fusjonere selskapet med konkurrenten Norled, samstundes som fylkespolitikarane vurderer å selje aksjeposten.

Høl gjorde det klinkande klart at han ikkje såg på kritikken som noko anna enn ein freistnad på å få selt selskapet, frå dei andre partia. Ap-leiaren meiner fylkesordføraren blir brukt i eit politisk spel.

– Det er nokon som heile tida prøver seg på å gjere noko med dette selskapet. I andre retningar enn det Arbeidarpartiet vil. Vi vil at vi framleis skal vere ein stor eigar, sa Høl til NRK.

Fjord1-administrasjon

STRIDENS KJERNE: Fjord1-hovudkontoret i Florø. I dag er Sogn og Fjordane fylke største eigar, men fleire politikarar har tatt til orde for sal.

Foto: Truls Kleiven

Høgre: – Oppsiktsvekkande

Utsegna blir møtt med vantru av Høgre sin gruppeleiar Noralv Distad.

Fylkeskommunen har bedt Fjord1 jobbe vidare med fusjonsalternativet samstundes som ein framleis vurderer sal av aksjeposten. Distad meiner det då er håplaust å konkludere.

– Det er oppsiktsvekkande. No går føre seg det ein brei prosess som alle er kjende med. Vi må ha heile saksgrunnlaget på bordet først. Eg håpar Åshild Kjelsnes (fylkesordførar) kan rydde opp i dette.

– Men er det ikkje slik at også de i Høgre har vore tydelege på at eit sal av aksjeposten i Fjord1 kan vurderast?

– Jau, det har vi sagt. Men vi kan ikkje gå ut og konkludere og seie at vi skal selje, før vi har fått alle utgreiingar og fakta på bordet. Vi må ta oss tid til å gjennomføre prosessen vi no er inne i,

Distad meiner det blir ekstra rotete at det er partiet til fylkesordføraren som flaggar syn, i ei sak som Kjelsnes må handtere.

MF Årdal

KAN BLI REIAR-GIGANT: Fjord1 og konkurrenten Norled har skrive intensjonsavtale om fusjon. Eit nytt samanslått reiarlag vil bli Norges største innan ferje og passasjerbåt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Avviser kritikken

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) skreiv i ein sms til NRK at ho ville kommentere saka når får tid, men har ikkje latt ikkje høyre frå seg.

Hilmar Høl er på reisefot, men skriv i ein sms til NRK at Distad har ingen rett til å kritisere Ap for at dei ønskjer å eige eit selskap dei har stor tru på, og som utgjer viktige arbeidsplassar.

Han viser også til at dei blå har programfesta at dei ikkje vil ha offentleg eigarskap.