NRK Meny
Normal

Vil ha styreleiar dømd for den dramatiske hotellbrannen

Natt til 25. november 2016 brann det erværdige Selje hotell ned til grunnen. No vil påtalemakta bevise at styreleiaren for hotellet var med på setje fyr på hotellet og at han er den mystiske «Mr. X».

Dagleg leiar på veg heim frå Selje etter å ha rigga brannen på Selje hotel.

AVBILDA: Ein fotoboks tok dette bilete av den daglege leiaren på veg frå Sverige for å rigge brannen på Selje hotell. Han nektar å fortelje kven som sat i bilen med han.

Foto: Overvakingsbilete / Politiet

Politiet har sett nærare på mobilbruken til den tidlegare styreleiaren i Selje hotell. Statsadvokat Magne Nyborg meiner det styrkar mistanken om at han er «Mr. X». No må han og dei andre tiltalte i saka møte i Gulating lagmannsrett.

Mannen vart i Sogn og Fjordane tingrett frifunnen for medverknad til å ha starta brannen, men dømd til fengsel i eitt år for medverknad til økonomisk utruskap.

Påtalemakta anka og står fast på at den tidlegare styreleiaren køyrde med bror sin frå Sverige til Selje for å rigge brannen.

– Vi har sett nærare på korleis han har brukt mobiltelefonen sin. Vi meiner saka ikkje har svekka seg, seier Magne Nyborg til NRK.

Står fast på uskuld

Statsadvokat Magne Nyborg og forsvarar Randulf Schumann Hansen.

I RETTEN ATT: Statsadvokat Magne Nyborg (t.v.) og forsvarar Randulf Schumann Hansen er klare for ei ny runde i retten etter brannen på Selje hotell.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ankesaka startar i dag i Gulating lagmannsrett. Då vil statsadvokat Nyborg på nytt forsøke å få den tidlegare styreleiaren dømd for medverknad til brannstifting.

I tingretten nekta den tidlegare hotelldirektøren å fortelje kven han hadde med seg i bilen til Selje .

– I førre runde var det meir fokus på økonomidelen. No blir det branndelen. Som vitne kallar vi inn fleire etterforskarar og folk som er ekspertar på datatrafikk, seier Nyborg.

Mobilbruk viktig for alibiet

Selje hotel

TOTALSKADD: Store delar av Selje hotell vart totalskadd i brannen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både mobilbruk og kjøp av ein bil var viktige brikker i den tidlegare styreleiaren sitt alibi. Han hevdar å ha vore i Sverige då brannen vart rigga. Utover at bevisa er styrka, vil ikkje Nyborg kommentere kvifor han meiner å kunne motbevise dette.

Forsvarar Randulf Schumann Hansen vil heller ikkje kommentere Nyborg sine påstandar om styrka bevis.

– Min klient har same standpunkt som i tingretten og det tingretten kom fram til. Han vart frifunnen for medverknad til brannstifting og forsikringssvindel, seier Schumann Hansen til NRK.

Må vitne mot bror sin

Den tidlegare styreleiaren er ein av tre brør som vart arresterte og sikta for forsøk på forsikringssvindel etter at hotellet vart totalskadd i brann i november 2016.

Den eine av brørne vart frifunnen for alt . Hotelldirektøren erkjende straffskuld og vart dømd til fengsel i fem år og seks månader. Sogn og Fjordane tingrett fann det ikkje bevist at den tidlegare styreleiaren var «Mr. X».

Når lagmannsretten no set av fem dagar til saka, må også alle brørne tilbake i vitneboksen. Statsadvokaten vil truleg legge ned påstand om fengsel i seks og eit halvt år om anken får medhald hos lagmannsretten.

Vegopning på Bergum i Førde kommune