Hopp til innhold

Meiner å ha sett ulv i Gloppen

Gardbrukarar i området rundt Utvikfjellet blir no bedne om å sjå til dyr som er på beite, etter at ein hytteeigar melde ifrå om det han meiner må ha vore ein ulv.

Utvikfjellet, mot Breim

UTVIKFJELLET: I dette området, i retning Breim, gjekk det ein hytteeigar meiner må ha vore ulv.

Foto: Jorunn Eikås / NRK

– Tysdag morgon fekk vi melding frå ein hytteeigar på Utvikfjellet om at han hadde sett eit uvanleg stort hundedyr som han meinte måtte vere ulv, fortel Vidar Sandal, leiar i Breim Sau og Geit.

Observasjonen vart gjort ved hyttefeltet like i nærleiken av fylkesveg 60, på Nuken, like før ein kjem opp på Utvikfjellet frå Byrkjelo-sida.

Vidar Sandal og geitene

BER BØNDER SJÅ ETTER DYRA: Vidar Sandal, leiar i Breim Sau og geit.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Hytteeigaren hadde sett dyret i kikkert frå hytta si, på relativt kort avstand. Han følte seg rimeleg trygg på at det måtte vere ulv.

Har varsla alle beitelag

Sandal har no gått ut med oppmoding på nettsida til Breim Sau og geit der dei ber bønder sjå etter dyr som er på beite i området som så langt har vore skåna frå rovdyr.

– Vi har varsla alle beitelaga i området. Alle som har sau i området må ut i beitemarka og observere og følge med om det er unormalt åtferd på sau, eventuelle skader og kadaver. Vi har også informert Statens Naturoppsyn (SNO) om observasjonen, seier Sandal.

Han seier det så langt ikkje er meldt om skader på dyr eller funn av kadaver som kan tilskrivast ein eventuell ulv i området.

– Men vi har funne unormalt store poteavtrykk som er målt og tatt bilde av som er sendt inn til SNO.

– Treng kadaver

Rein Arne Golf, rovviltansvarleg for Sogn og Fjordane og Hordaland i Statens naturoppsyn stadfester overfor nrk.no at dei har fått melding om ulveobservasjonen.

Rein Arne Golf

ER VARSLA: Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vi registrerer meldinga, men kan førebels ikkje slå fast at det er ulv. Så lenge det ikkje er funne skade på dyr, eller gjort funn av kadaver blir det ikkje gjort noko frå vår side. Men eg vil oppmode om at ein reiser ut ser etter buskapen, seier Golf onsdag kveld.

I vår var ein ulv på vandring lenger nordaust i Nordfjord, i strynetraktene. Denne vart skoten på Sunnmøre.

Dei siste to vekene har det også blitt jakta etter jerv, mellom anna frå helikopter, i fjella mellom Årdal og Lærdal, etter beitetap.