NRK Meny
Normal

Ber fleire kvinner engasjere seg - meiner kvinnedagen er minst like viktig i dag som før

For første gong sidan 1970-talet vart den internasjonale kvinnedagen markert på Eid. Initiativtakar Siri Sandvik meiner det er viktig at kvinner får auga opp for at slett ikkje alle kvinnesaker er vunne enno.

– Likestilling og likeverd for kvinner er alltid ei aktuell sak. Men eg trur mange av oss kanskje har teke dette for gitt, seier ho til NRK.no.

Laurdag ettermiddag stod ho omgitt av rundt 40 andre kvinner, og nokre få menn, i sentrum av Nordfjordeid. For første gong på fleire tiår blir kvinnedagen markert i bygda.

I Oslo var fleire tusenvis samla for å markere kvinnedagen, og det var reine 70-talstilstandar på Youngstorget.

Også folk langt utanfor den tradisjonelle kvinnerørsla har teke til gatene, og kampen mot reservasjonsretten blir trekt fram som den viktigaste årsaka.

Sandvik seier at også hennar engasjementet hennar for kvinnesaka har vakse seg stort og brennande den siste tida. Også for hennar del er årsaka nettopp forslaget til dei nye reglane om at legar kan reservere seg mot tilvising og behandling av abort.

– Saka om reservasjonsrett for legane har vekt meg, og gjer at eg tenkjer at vi må ut å kjempe. Både dei kampane vi allereie har vunne, men og dei nye kampane som vi ikkje har vunne enno, seier Sandvik.

– Vi har vunne fleire kampar, men...

Siri Sandvik er Arbeidarpartipolitikar og lege i Eid, og er kvinna bak markeringa av kvinnedagen i bygda i år.

Ho er svært kritisk til at fastlegar skal ha reservasjonsrett, og meiner dette viser at ein på ingen måte er i mål med dei kampane kvinnene i årevis har kjempa for på 8. mars-markeringar.

– Vi har vunne kampar som stemmerett for kvinner, vi har abortlova, vi har fått fleire barnehageplassar og meir til. Men det er framleis mange saker for likestilling som vi må kjempe for, seier ho og ramsar opp.

– Du har likelønn, like vilkår og moglegheiter i arbeidslivet, det gjeld rett til heiltid for kvinner som ønskjer det og ei rettferdig foreldrepermisjonsordning. I tillegg har vi vald i nære relasjonar, retten for kvinner til å bestemme over eigen kropp.

– Ute i verda blir mange kvinner torturert, valdtekne, kjønnslemlesta og tvangsgifta, og dei er ofte heilt utan rettar, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Markering av kvinnedag i Eid

PAROLAR: Sexkjøpslova, reservasjonsretten og vald mot kvinner var blant sakene kvinnene trekte fram som viktige på markeringa av kvinnedagen i Eid

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Dette er forkasteleg

Helse- og omsorgsdepartementet sende 21. januar ut eit høyringsbrev om ei lovendring som vil gje legar reservasjonsrett i abortspørsmål. Om helse- og omsorgstenestelova blir endra, vil legar som av samvitsgrunnar ikkje vil tilvise til abort, kunne reservere seg mot dette.

Kvinner er ikkje avhengige av tilvising for å ta abort, dei kan sjølv krevje abort og ta direkte kontakt med eit sjukehus.

Sandvik er djupt skeptisk til forslaget om reservasjonsrett. Ho meiner regjeringa med eit slikt forslag er i ferd med å rokke ved kvinnene sin rett til å bestemme over eigen kropp.

– Retten til sjølvbestemt abort har vore lovfesta i Norge i over tretti år. Om ein no skal innføre reservasjonsrett for fastlegar vil det rokke ved den retten. Den gravide kvinna som pasient er ikkje tenkt med det. Eg meiner det er forkasteleg om ein skal gjere slike endringar, seier ho engasjert.

Sandvik seier kvinner som bestemmer seg for å ta abort i utgangspunktet har teke ei vanskeleg avgjerd. Om dei då skal bli møtt av legar som har reservert seg mot å vise kvinna vidare, vil det vere ytterlegare ei belastning.

– Kvinna er den svake part i denne saka

Tal frå Pasientombodet i Sogn og Fjordane viser at det i Sogn og Fjordane er eit fåtal legar som vil nekte tilvising. I 23 av 26 kommunar vil alle legane tilvise til abort.

– Eg seier ikkje dette er eit stort problem, men vi kan ikkje seie at det gjeld så få at det ikkje er viktig, understrekar Sandvik.

Ho meiner saka er prinsipielt viktig, fordi pasientar skal vere sikra likeverdige helsetenester uavhengig av kven dei har som fastlege.

– Men dei legane som vegrar seg mot dette med bakgrunn i samvitsspørsmål, knytt til at dei føler dei bidrar til å ta liv, har ikkje dei ein rett til å gjere det?

– Eg er sjølv lege og veit at ein kan kome i vanskelege situasjonar. Men i denne samanhengen meiner er det er heilt klart at det er pasienten som er den svake part.

– Som lege har du ørten forskjellige fagfelt du kan jobbe innan, og du treng ikkje ha ein jobb der du kan kome i slike vanskelege situasjonar, seier Sandvik.

Ho legg til at abortlova har eksistert i Norge i over 30 år og at dei fleste legar som er i arbeid i dag har visst om dette då dei valde jobb som fastlege.

(Artikkelen held fram under)

Stort oppmøte på kvinnedagen 2014

TUSENVIS: Folk stod som sild i tønne for å markere kvinnedagen på Youngstorget i Oslo.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

– Vi må snakke meir om likestilling

Initiativtakaren til 8. mars-markeringa i Eid var svært godt nøgd med oppmøte. Så mange møtte opp at kvinnene gjekk i tog rundt i gatene i sentrum av Nordfjordeid.

Også SV-politikar Hege Lothe frå Gloppen var på plass i Eid. Kampen mot reservasjonsrett er den enkeltsaka ho meiner har trekt flest.

– Men vi ser også at folk er opptekne av likelønn, sekstimarsdag, vald mot kvinner og fleire andre ting.

– Korleis skal ein halde oppe engasjementet når spørsmålet om reservasjonsretten har gått anten den eine eller den andre vegen?

– Eg trur det er viktig at vi som folkevalde i kommunane snakkar om likestilling. Det er det viktig at vi gjer også alle dei andre dagane enn på 8. mars, seier kommunestyrepolitikaren for SV.

– Vi kan aldri lene oss tilbake

Siri Sandvik var i dag også klokkeklar på at ho skulle ønskje endå fleire engasjerte seg. For sjølv om altså fleire viktige kvinnesaker er vunne, kan det også sjå ut til at ein må kjempe for å få behalde resultata av kampar kjempa for mange år sidan.

– Det er forkasteleg at det skal rokkast ved ein lovfesta rett til å bestemme over eigen kropp, ein rett kvinner har hatt i over 30 år.

– Dette viser at vi aldri må lene oss tilbake og tenkje at vi er i mål. Vi må heile tida ha fokus på kvinnesak og likestilling, sa ho til dei frammøtte.

Og for å få til dette må fleire røyse seg frå sofaen og seie høgt og tydeleg kva dei meiner.

– For å få til dette er det avgjerande at kvinner i alle aldrar engasjerer seg. Frå dei heilt unge, til dei godt vaksne. Både i lokalsamfunn, i politikken og i likestillingsspørsmål. I dag viser vi dette engasjementet med å vere her.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser