NRK Meny
Normal

Her krasja mannen med 2,01 i promille – og heldt fram køyreturen

Med over to i promille mista mannen kontroll på bilen og meia ned ein lyktestolpe i Jølster. På gangvegen like ved stod fotgjengarar og såg det heile.

Promillekrasj på Vassenden

LÅG ATT: Bildelar låg att ved den skakke lyktestolpen etter trafikkuhellet ved Hjellbrekkefeltet på Vassenden i mars i år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Til alt hell vart ingen personar skadde i uhellet, men no er mannen dømd til fengsel i 24 dagar og 45.000 kroner i bot.

Det var ein laurdagskveld i mars i år at mannen mista kontroll på bilen på den rette strekkja forbi avkøyrsla til Hjellbrekkefeltet på Vassenden.

Bilen kom utfor asfaltkanten og følgde grøfta til den krasja med ein lyktestolpe.

Kravde 64.000 i bot

Mannen fekk bilen på vegen att og køyrde ytterlegare 600 meter. Den tidlegare ustraffa sunnfjordingen erkjende tiltalepunkta for både promillekøyring og aktlaus køyring. Han samtykka til at saka kunne gå som tilståingsdom i Fjordane tingrett.

Påtalemakta la ned påstand om 24 dagar fengsel og 64.000 kroner i bot, samt tap av førarretten i to år.

Retten viste til forarbeidet til endringa av vegtrafikklova § 31 i 2012, der det står at det først er ved promille over 1,5 at risikoen ved køyring aukar dramatisk. Som ei rettesnor for fengselsstraff blir det anbefalt 21 til 36 dagar ved promille på over 1,5.

Reduserte bota

– Køyring med promille av denne grad representerer eit vesentleg farepotensial, både i høve sikta sjølv og andre vegfarande, medrekna vitna som gjekk på gangvegen idet uhellet skjedde, skriv tingrettsdommar Walter Høivik.

Retten tok omsyn til at mannen etter uhellet vart påført eit omfattande erstatningsansvar for skadane på bilen. Bota vart dermed redusert til 45.000 kroner.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast