Hopp til innhold

Medvitslaus etter slagsmål på asylmottak

FØRDE (NRK): Ei kvinne er sendt til lege med ambulanse etter eit slagsmål ved Bergum mottakssenter.

Slågsmål Bergum asylmottak

TIL LEGE: To kvinner er sendt til helsesjekk etter eit slagsmål.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Joachim Malterud

FLEIRE VITNE: – Ein til to menn skal inn til avhøyr, seier innsatsleiar Joachim Malterud.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det har vore eit slagsmål mellom nokre av bebuarane på mottaket. Ei kvinne er sendt til lege, seier Joachim Malterud som er politiet sin innsatsleiar på staden.

To menn vert brakt inn av politiet og vil bli avhøyrt. Politiet veit førebels ikkje noko om grunnen til slagsmålet.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Kai Henning Myklebust, sa til NRK at ein person var medvitslaus då dei fekk inn meldinga rundt klokka 16.20.

Laster Twitter-innhold

Tilstanden til kvinna er ukjent.

– Vi veit foreløpig lite om kva har skjedd. Mennene vil bli brakt inn éin for éin til avhøyr, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen.

Ambulanse

AMBULANSE OG POLITI: Både ambulanse og politi rykka ut til Hornes i Førde.

Foto: ANDERS MILDESTVEIT / NRK