Hopp til innhold

Frå 2500 til 2200 leverandørar på eitt år

Kjøtverksemda Nortura opplever kraftig medlemssvikt. Siste året har talet på kjøt-leverandørar i fylket gått attende frå om lag 2500 til 2200.

Nortura-anlegg i fare

MISTAR MEDLEM: Nortura har mista omlag 300 leverandørar det sist året.

Foto: Nyhetsspiller

Nedgangen på 13 prosent står i sterk kontrast til konkurrenten Nordfjord Kjøtt i Loen som opplever ein formidabel vekst.

– Vi likar det slett ikkje, seier kommunikasjonsdirektør i Nortura, Nina Sundqvist.

Medan Norfjord Kjøtt i Loen har hatt ein omsetningsuke frå ein til 1,8 milliardar kroner dei tre siste åra, går konkurrenten Nortura klart attende.

Marknadsandelen er redusert frå 80 til 77 prosent.

Eit årsmøtevedtak der andelsinnskotet vart heva frå 1000 til 12000 kroner, og at fleire bønder går i samdrift er nokre av årsakane til leverandørflukta.

– I tillegg har vi sjølvsagt dei som har valt å gå over til ein våre konkurrentar, seier Sundqvist.

Vil ikkje kommentere

Dagleg leier Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt har så langt ikkje ønska å kommentere den sterke veksten i selskapet.

Etter det NRK kjenner til importerer nordfjordverksemda kjøt både frå Uruguay og New Zealand for å halde produksjonen oppe.

Norfjord Kjøtt-leverandør Knut Bøyum frå Fjærland meiner det ikkje er verre at Nordfjord Kjøtt imorterer kjøt enn at andre aktørar gjer det.

– Det er diverre ein underbalanse på storfekjøt, og eg ser at både Gilde og Nordfjordkjøtt i tillegg til andre kjøtbedrifter må importere for å dekkje etterspurnaden. Då er det ikkje veldig mykje ein kan gjere med det, seier Bøyum.