Frå eit medlemstal på nesten 600 som gjorde Luster til fylkets største lokallag i Arbeidarpartiet i 2002, ligg dei no på 399 medlemar.
Intern strid
Malvin Moen. NRK arkiv.
Leiar Malvin Moen vedgår at den interne striden rundt førre kommuneval er ei viktig årsak. Arbeidarpartiet tapte då ordførarstolen til dei borgarlege etter 14 år med makta i kommunen.
Under nominasjonen til kommunevalet 2003 var det bitter strid i partiet då sitjande ordførar Ernst Veum vart utfordra av Inger Marie Evjestad.
- Vi hadde to gode kandidatar. Dei ulike laga stod på sine, og då måtte vi køyre løpet ut, seier Moen.
Etter 14 år i ordførarstolen måte Veum gå. Med Evjestad som ordførarkandidat flykta veljarane, og det enda med borgarleg fleirtal i arbeidarpartibastionen.