Hopp til innhold

Medaljedryss til Gaupne-familie

Familien Sørheim Evjestad i Gaupne henta heim både gull, sølv og bronse i Hovudlandsrennet i langrenn på Tynset i helga.

Sindre Bjørnestad Skar, Thomas S. Evjestad og Vetle Sjåstad Christiansen

Sindre Bjørnestad Skar, Thomas S. Evjestad og Vetle Sjåstad Christiansen på pallen.

Foto: Hovedlandsrennet

Gullet var det Thomas Sørheim Evjestad som sikra familien laurdag, då han vann 7,5 kilometer klassisk med klar margin.

- Eg gjekk til topps og utklassa dei andre, seier han.

Skal feire

Og veslebror Hallvard Sørheim Evjestad fylgde opp med sølv på 5 kilometer klassisk i 15-årsklassen. Han var fem sekund bak vinnaren Sondre Turvoll Fossli frå Mjøndalen. Så no blir det fest i familien, seier Thomas.

- Dette skal feirast. Det har vore kjempemoro og no skal vi nyte det.

Bronsemedalje til stafettlaget

Fredag sikra Thomas seg bronse på sprint, og søndag var det klart for ein ny bronsemedalje då brørne Sørheim Evjestad var med på laget til Sogn og Fjordane saman med Eivind Øygard frå Jølster og Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde. Medaljen kom trass i uhell.

- Ja, det vart litt dramatisk med stavbrot på første etappe.

Vil satse vidare

Og Thomas Sørheim Evjestad er ikkje i tvil om at han skal satse på langrenn framover.

- No skal eg søkje på vidaregåande skule med skilinje. Eg vil satse for å bli god også i eldre årsklassar.

Andre resultat frå Hovudlandsrennet på Tynset

Laurdag vart Knut Olav Øygard frå Jølster nummer 25 på 7,5 km klassisk, eitt minutt og 48 sekund bak Thomas Sørheim Evjestad. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde vart nummer 28 og Eivind Øygard frå Jølster nummer 41.

Anna Kårstad Skaar frå Førde var fredag nummer fem på sprint, laurdag vart ho nummer 44 på 5 km klassisk.