Hopp til innhold

Medaljedryss til Tambarskjelvar i junior-NM

Tambarskjelvar vektløfting frå Naustdal reiste med fem deltakarar til junior-NM i vektløfting. Det enda med fem medaljar i ettermiddag og kveld.

Tambarskjelvar vektløfting

MEDALJEVINNARANE: (Frå venstre) Eirik Kalland, Matias Aase, Jantsen Øverås, Steffen Skjærli. Den siste medaljevinnaren, Tore Gjøringbø, manglar på biletet.

Foto: Sindre Rørstadbotnen / Privat

Best av alle var Jantsen Øverås. Han vann gull 69-kilosklassen, tok sin eigen noregsrekord i rykk, og fekk det beste totalresultatet uansett vektklasse.

– Det er bra med noregsrekord, det er eg nøgd med. Men gullet er ikkje så viktig. Eg hadde høgare målsettingar i dag, og er ikkje heilt nøgd, seier Øverås.

Utøvarane løftar rykk og støyt. Resultatet får dei rekna ut basert på det beste løftet i kvar disiplin og kva vektklasse konkurrerer i. Dette gir ein total poengsum

Målet for Øverås var å kvalifisere seg til junior-VM. Hadde han klart det siste løftet, hadde han fått nok poeng til det.

– Eg hadde stanga over hovudet, men vart ukonsentrert og mista spenninga i ryggen. Det var skuffande, forklarar han.

Bronse til ungdomsløftar

14 år gamle Steffen Skjærli var med i sitt første junior-NM, til trass for at han framleis er ung nok til å konkurrere i ungdomsklassen.

Steffen Skjærli

UNGDOM: Men likevel tok 14-åringen Steffen Skjærli medalje i juniorklassen i dag.

Foto: Sindre Rørstadbotnen / Privat

– Eg fekk bronse, og det er eg nøgd med sidan det er første gongen eg er med her, seier Skjærli

Han kvalifiserte seg til noregsmeisterskapen for juniorar gjennom ungdoms-NM tidlegare i vår.

– Eg var misnøgd i starten i dag. Men det gjekk betre etter kvart, seier han.

Og det gjekk bra for alle juniorane i dag. Utanom gullet til Øverås og bronsen til Skjærli, tok Eirik Kalland sølvmedalje i 85-kilos klassen, og Tore Gjøringbø gull og Matias Aase bronsemedalje i 94-kilos klassen.

Trur på medalje i junior-EM

No vert neste mål for Jantsen Øverås junior-EM. I dag var nemleg siste sjanse for å kvalifisere seg til junior-VM.

Difor er han ikkje hoppande glad i kveld, til trass for ein overlegen poengsum i konkurransen.

– Eg hadde verkeleg lyst å prøve meg i junior-VM. Så eg kan ikkje vere heilt nøgd i dag, seier Øverås.

– Har du store ambisjonar?

Jantsen Øverås

MEDALJE I EM: Det er det neste, store målet for Jantsen Øverås.

Foto: Sindre Rørstadbotnen / Privat

– Eg har store krav til meg sjølv. Men det er då eg presterer best, og kan utvikle meg. Då veit eg dessutan at når eg først vert nøgd, så har eg verkeleg grunn til det.

No satsar han mot medalje i junior-EM.

– Ja, det gjer eg. Eg har spissa forma for å kvalifisere meg til junior-VM. Men dersom framgangen fortset trur eg det kan nærme seg medalje i EM. No skal eg trene hardt mot EM, og nytte nordiske konkurransar til oppbygging og testar, forklarar Øverås.

– Ei fantastisk helg for Tambarskjelvar

Vektløftarklubben sende også to utøvarar til Noregscupen for seniorar, som vart arrangert etter junior-NM i dag.

For Sindre Rørstadbotnen enda det med personleg rekord på 136 kilo i rykk, og 172 kilo i støyt. Dermed løfta han mest av alle denne helga.

– Dette gjekk veldig bra i forhold til forventingane eg hadde. For eg er midt i ein hard treningsperiode med to treningsøkter om dagen, og er litt tung i beina, seier Rørstadbotnen.

Han satsar nemleg mot konkurransar seinare i vår, og denne runden i Noregscupen var ein del av førebuingane til det som kjem.

– Eg er i utruleg fin form for tida. Og seinare i vår kjem det til å svi godt. Eg skal løfte mykje, lovar han.

Sandra Trædal løfta 62 kilo i rykk og 81 i støyt i Noregscupen. Dermed vart det personleg rekord i støyt for Trædal.

– Det har vore ei fantastisk god helg for Tambarskjelvar, seier Rørstadbotnen, og får dei andre utøvarane i bakgrunnen med seg på eit jubelbrøl.