Hopp til innhold

Medalje for 40-års innsats for breidde og elite

Anders Fortun fekk Kongens fortenestemedalje laurdag ettermiddag. Han får den for å ha brukt over 40 år av livet på dugnad og fantastisk innsats, både for breiddeidrett og landslagsløparar i langrenn.

Anders Fortun

DET BESTE: Anders Fortun kallar opplevinga den beste i livet. Her får han Kongens fortenestemedalje av ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen.

Foto: Erling Bjørnetun

– Det er det beste eg har opplevd nokosinne, seier Anders Fortun.

Han trudde han skulle på ei samling for idrettsleiarar, for fleire av dei var til stades.

– Men det vart jo noko heilt anna til slutt. Ein liten augneblink var eg rørt og kjenslene var litt ute av styring. Men eg fekk henta meg inn att.

For litt ut i talen til ordførar Ivar Kvalen i Luster kommune, som fekk æra av å overrekke medaljen, byrja han å skjøne kva som skjedde. Som vanleg i slike talar, røpte ordføraren litt og litt. Etter kvart skjønte dei fleste kva som kom.

– Det var utruleg overraskande, og heilt enormt. Eg visste ingenting, eg vart berre ståande å gapa, seier Fortun.

Løypekaren på Sognefjellet

Anders Fortun har brukt over 40 år av livet sitt på å skape perfekte sommarløyper for verdas beste langrennsløparar.

– No reiste det russiske landslaget heim i går, og i dag kjem det norske landslaget, fortel Fortun entusiastisk.

Ivar Kvalen og Anders Fortun

PROVET: Her får Fortun Kongens fortenestemedalje.

Foto: Erling Bjørnetun

Kvart år kjem det norske landslaget og skifabrikkane til Sognefjellet for treningssamling og skitesting.

– Vi har laga eit skikkeleg opplegg ved Sognefjellshytta. Vi har 7,6 kilometer med løype rett utanfor døra. Folk vil ut frå hytta og rett i løypene, og gjerne sleppe heis om dei kan.

Landslaget skal no vere der i ti dagar. Håpet er at opphaldet skal kaste meir lys på det enkelte har kalla smørjeskandalen i Sochi, og gje perfekte ski til VM i Falun i februar neste år.

– Vi håpar på innartiar, men vi må ha fuktig nok snø for å få fryseprosessen i gang, så enkelt er det. Men løypene er klare. Eg opplever at landslaget stiller større krav til løypene våre her oppe enn til løypene i OL og VM, seier Fortun.

– Svaret er enkelt

Anders Fortun si karriere som trenar og dugnadsmenneske starta i 1970, med idrettslaget Fortun. Seinare var dei slått saman med Skjolden. I 1972 byrja han som løypekøyrar med scooter.

I talen til Fortun sa ordførar Ivar Kvalen at han mest sannsynleg brukar fleire timar på dugnad kvar veke enn folk flest har i arbeidstid. På spørsmål om kvifor, nølar ikkje Fortun.

– Det er enkelt. Eg likar å drive med det, eg brenn for dette. Eg likar å arbeidde med ungdom.

For det er ikkje berre landslagsløparar som får nytte godt av arbeidet til Anders Fortun. Han har også lagt ned ein enorm innsats for breiddeidretten i alle år. Først og fremst innanfor langrenn, men han har også vore aktiv i fotballen.

Ingen planar om å gje seg

– Du har passert 70: Har du nokre planar om å trappe ned?

– Nei! Det hadde vore kjedeleg det, eg hadde gått på veggane. Mange vil seie at ein har passert middagshøgda når ein er på min alder, men eg er ikkje einig. Dersom helsa er med, er 72 berre eit tal.

Dimed kan lokalsamfunn, breiddeidrett og landslagsløparar glede seg til fleire år med gode løyper og flotte langrennsarrangement.

Og alle idrettsleiarane som var til stades? Dei var der sjølvsagt for å hylle Anders Fortun. Leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Nils R. Sandal, heldt tale.

– Dette var ein stor dag. Ein må ta vare på slike augneblinkar, seier Anders Fortun.

Ivar Kvalen med flott tale til Fortun

Godt folk, bygdafolk og tilreisande

Ved eit slikt høve som dette, med ei flott programmessig ramme og med bygdefolk og frivillige medarbeidarar samla til ei årleg kulturell feststund som strekkjer seg over ei heil helg, er det - gode lustringar, ei glede og ære å få vera nettopp her i dag.

Eg har naturlegvis fått med meg at nettopp her i Skjolden har grunnlaget for å ta eit tak for fellesskapet, arbeide for og med det me kan kalla «lokalsamfunnet» - og for at den oppveksande generasjonen skal kjenna seg vel tilpassa og trivast, hatt og har framleis ein sentral plass i innbyggjarane sitt medvit.

Nokon av dei mange som har «slite» og «jobba» blir truleg heller ikkje spesielt takka for det dei har medverka til, men mest fordi det vert rekna for å vera naturleg og som de sikkert har tenkt mang ein gong: «da skulle no berra mangla». Nettopp denne underliggjande viljen og krafta som kjem til overflata her i Skjolden får også storsamfunnet til å reagere – ja, til og med applaudere!

Eg har lenge opplevd dette lokalsamfunnet som særleg positivt og kreativt i forhold til å skape noko for mange. Enkelt personar vert også lagt spesielt godt merke til nettopp fordi dei ikkje er «hælsparkarar» men oppfinnsomme og framsynte og dyktige nyskapande og lagspelarar.

Og ein av desse vil nettopp på grunn av sitt engasjement og «stå-på-vilje» bli takka og heidra…

«Å vera aktiv er berre positivt» skal han ha sagt ein gong, og « alder er berre eit tal som endrar seg ein gong i året»…. Denne aktive pensjonisten har fleire dugnadstimar for veka enn folke flest har arbeidstid. Og han legg si ære i å utføra sine oppgåver betre enn nokon andre. Ei slik innstilling og vilje til løfta kvaliteten på eigen innsats vert sjølvsagt også lagt merke til i vide krinsar, ja, i dette tilfelle også internasjonalt.

Det vil sjølvsagt føra for langt i å gå i detaljar på alle dei enkeltståande tiltak, arrangement og prosjekt som vedkomande har vore involvert i. Eg nøyer meg difor med å nemna at i dei siste 40 åra, der me har samla fakta til ein sokalla dokumentasjon, har vedkomande figurert som alt frå vald organisatorisk leiar til trenar (og då særleg innan greina langrenn) og som dugnadsansvarleg og løypekøyrar.

Kanskje særleg som trenar i langrenn har vedkomande vorte nemnd, ikkje berre som den som tok den høgste utdanninga ein kan ta her i landet, men som den trenaren som hadde eit ansvar for å bringa Ellen Johanne Lunde til 2. plass i VM-stafett for juniorar, og Aud Hellesnes til 6. plass i NM for å nemna nokre.

Som løpsleiar for Fanaråkløpet i 2003, som den gongen var eit gateløp på 7 km mellom Skjolden og Fortun, har vedkomande i lag med ei lokal kjernegruppe makta å gjera Fanaråken Duatlon som gjekk frå Skjolden til Fanaråken til det som dei fleste i dag kjenner best som motbakkeløpet Fanaråken Opp.

Særleg etter at vedkomande vart pensjonist har det aldri vore problem med å kontakta han når det har vore trong for dugnadshjelp. I denne samanheng må nemnast det store frivillige arbeidet han har lagt ned med å opparbeida langrennsløyper og arrangere skirenn først i eige idrettslag her i Fanaråk sitt område, og seinare på Sogn Skisenter på Hafslo.

Vedkomande person har vorte heidra med kommunen sin kulturpris. Den prisen vart også tildelt med den forhåpninga at det markerte starten på noko og ikkje det motsette – altså at noko av bakgrunnen for å få den prisen var at vedkomande skulle halda fram dei gode gjerningane som var grunnen for den nominasjonen.

Og eg trur det er slik me vil for alltid hugsa deg, som den «stå-på-personen» som gjennom grundig og sikker oppfylgjing av eit arbeid som alltid har enda eit utprega ærleg og samvitsfullt resultat.

Og det er med desse orda eg no kan meddela at

H.M. Kongen har tildelt fortenestemedaljen til Anders Fortun.