Hopp til innhold

Medaasprisen til Moldestad

Folkemusikaren Sigrid Moldestad frå Gloppen får Medaasprisen for 2016. Leiar Claus Sellevoll i Medaaspriskomiteen framhevar at Moldestad kombinerer ei sterk scene- og historieformidling av både tradisjonelt og nyskapande materiale. Moldestad har tidlegare fått fleire prisar. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20 000 kroner.

Førde Folkemusikkfestival
Foto: Promotor for Sigrid Moldestad