Hopp til innhold

Med Vik-skjerf i München

Då Eintracht Braunschweig sist søndag møtte 1860 München i 2. Bundesliga skapte eit supporterskjerf frå Vik interesse på tribunen.

Vik IL-skjerf på Allianz Arena

PÅ BORTEBANE: Kva gjer eit supporterskjerf frå Vik på heimebana til Bayern München?

Foto: Nils Gunnar Finne

Laster innhold, vennligst vent..

Som dei fotballinteresserte veit er vikjen Gustav Valsvik midtstoppar på Eintracht Braunschweig. Etter kampen kom han bort til seks vikjer som hadde sikra seg plass like ved innbytarbenken.

Då fekk han overlevert eit supporterskjerf dei hadde med seg. Som takk drog han speledrakta av seg og gav den til sambygdingane.

Det vekte ein viss oppsikt, seier Jarle Christensen, ein av dei seks som hadde teke turen til München.

– Vi fekk ikkje tak i Einstracht Braunschweig-effektar før kampen, men vi fekk bytt til oss ein caps frå ein som sat attmed oss.

Dermed fekk Braunschweig-tilhengaren seg eit heilt nytt Vik-skjerf.

– Han var strålande nøgd og forsikra at han skal gå med det på alle heimekampane framover.

Gustav Valsvik

– KJEMPEKJEKT: Gustav Valsvik sette stor pris på både sambygdingane og skjerfet han fekk.

Foto: Nils Gunnar Finne

– Hadde ikkje venta å få skjerf

Men Gustav Valsvik sjølv fekk også eit skjerf, og han sette stor pris på å sjå kjentfolk på tribunen.

– Det var kjempekjekt å få vikjer på besøk. Og det var kjekt å få skjerfet med Vik IL på, det hadde eg ikkje venta. Dei fekk drakta mi i byte, det var ein god bytehandel.

Jarle Christensen seier at det var svigerfaren hans som tok initiativet til Tyskland-turen.

– Han inviterte dei tre svigersønene og sonen sin med på tur, og så vart svigermor med. Dei har hytte i Ruhpolding. Vi var først på kamp i Salzburg, og så greidde vi å skaffe oss billettar til kampen mellom 1860 München og Eintracht Braunschweig.

Vik-gjeng med Valsvik-trøye

FEKK DRAKTA TIL GUSTAV: Vikjene på tribunen var godt nøgde med bytehandelen. Frå v. Sølve Finne, Bengt Abelsen Øhlen, Stig Rune Grønsberg, Jarle Christensen og Hanne Christin Finne.

Foto: Jarle Christensen

– Veldig stolt

Kampen gjekk på gigantiske Allianz Arena, som er mest kjend som heimebana til Bayern München. Det er plass til 80.000. Søndag var det 39.500 på tribunane.

Det var ei stor oppleving å sjå Gustav Valsvik i aksjon, seier Jarle Christensen.

– Eg kjende meg veldig stolt. Gustav har ein stor status mellom fansen. Han har gjort ein kjempesesong, og han regjerte luftrommet og trykte til i taklingane så det lukta svidd. Det er noko fansen set pris på, og det var det kjekt for oss å vere vitne til kor stor stjerne han faktisk er.

Gustav Valsvik

GJER VIKJENE STOLTE: Gustav Valsvik har blitt ein viktig brikke på laget til Eintracht Braunschweig.

Foto: Nils Gunnar Finne

Kan rykke opp

Og neste sesong kan Valsvik kanskje få oppleve å møte sjølvaste Bayern München på Allianz Arena. Akkurat no ligg Eintracht Braunschsweig på andreplass. Held dei seg der når serien er slutt, rykker dei opp.

– Vi er ikkje sikre på opprykk, vi ligg på andreplass med berre eitt mål i målskilnad over Hannover, og no møter vi Union Berlin som ligg på fjerde, så det er veldig tett. Vik må berre køyre på og håpe på at det går bra til slutt, seier Gustav Valsvik.

Laster innhold, vennligst vent..