Hopp til innhold

Med tastaturet som einaste våpen

BREIM (NRK): Dataspelfesten bLAN samlar nær 150 ungdomar. For nokon handlar det om å ha det kjekt, men for andre handlar det om heider, ære og pengepremiar.

Snutt frå CS konkurransen på bLAN

YNSKJER Å VERE BEST: For Tarald Nord Kjøs (t.h) og resten av laget er det viktig å vinne

– Me har eit favorittstempel sidan me vann i fjor. Det følgjer difor med eit ekstra press i år, seier Tarald Nord Kjøs (20).

Han og laget "Veggjuks" er tilbake på bLAN for å forsvare tittelen som meistrar i spelet "Counter-Strike". Fyrstepremien er på 5000 kroner, og det er ti lag som stiller til konkurransen.

– Det er stas å komme tilbake til bLAN, og det hadde vore ekstra stas å vinne to år på rad.

Kjøs er kaptein på laget, og fortel at dei trenar ein god del i tida fram mot konkurransen på Breim.

– Store delar av treninga går til taktikk. Det handlar mykje om korleis ein skal posisjonere seg, og korleis utføre dei ulike taktikkane. Som kaptein tek eg mykje avgjersler under kampane, seier Kjøs

Tarald Nord Kjøs

Kaptein: Tarald Nord Kjøs er kaptein for laget 'Veggjuks'

Foto: Martin Torstveit / NRK

E-sporten i fokus

– Fleire av deltakarane på bLAN kjem hit berre for å delta i konkurransane. Det tykkjer me er bra, sidan me har ei stor interesse for e-sporten, seier Jon Fossheim.

Han er ansvarleg for konkurransane på Breim. Han arbeidar heilt frivillig, og tek med seg ei stor personleg interesse for e-sport inn i jobben.

– Eg har sjølv vore på Dreamhack i Sverige, som er eit stort LAN i internasjonal samanheng. Dei satsar stort på e-sporten, og den stemninga ein fekk vere med på som publikummar der, er noko av det sjukaste eg har opplevd, seier Fossheim.

Jon Fossheim

VIL DYRKE E-SPORTEN: Jon Fossheim ønsker å byggje eit godt e-sportsmiljø på bLAN

Foto: Martin Torstveit / NRK

Dataspeling som sport

E-sporten er ei forkorting for elektronisk sport, som er konkurrering i dataspel. Det har vore ein kraftig vekst i e-sportsmiljøet over heile verda dei siste åra, og nokre turneringar har fleire millionar kroner i premiepottane.

Det har likevel vore diskutert om ein kan kalle dataspeling for ein sport. Fossheim er klar i sin tale:

– Du kan absolutt kalle det ein sport. Eg set det på lik linje med sjakk akkurat no. Det er veldig krevjande mentalt, og ein må også halde seg i god fysisk form for å halde oppe dei mentale kreftene.

bLAN speling

FOKUS: E-sport krev til tider mykje konsentrasjon

Foto: Martin Torstveit / NRK

Pengepremiane er eit trekkplaster

– Eit år hadde vi 75.000 kroner i premiepotten fordelt over alle turneringane. Det gjorde at me trekte til oss fleire store profilar i e-sporten til bLAN, seier Fossheim.

I år er pengepremiane vesentleg mindre, og Fossheim legg ikkje skjul på at økonomi er den største utfordringa til arrangementet.

– Pengepremiane blir styrt av kor mange som kjem på bLAN, og det året me hadde 75.000 kroner i premie gjekk me mykje i underskot. Derimot såg me på det som ein god måte å gje bLAN eit nasjonalt omdømme, fortel Fossheim.

bLAN speling konsoll

SKAL SATSAST: E-sporten skal opp og fram på framtidas bLAN

Foto: Martin Torstveit / NRK