Hopp til innhold

Med eksplosiv last til Selja kloster

Før i tida vart brent kalk frakta i open båt langs kysten, og det var ein risikabel affære. No har ein ny slik reise blitt gjort, kanskje den einaste i nyare tid.

Kalkfrakt med båt

KALKFRAKT: Bakkejekta heiter båten som frakta kalken frå Hyllestad til Selja kloster.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dette er eit ganske eksplosivt materiale, seier Per Storemyr, i det han skal til å helle vatn over brent kalk.

LESKING AV KALK: Sjå kva som skjer når ein heller vatn på brent kalk.

Storemyr er geoarkeolog i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Her har dei brent kalk dag og natt i over ei veke. Omnen skal halde 1000 gradar for at kalken skal bli ordentleg brent, og då må det fyrast gjennom heile døgnet.

– Å brenne kalk er ein over 10.000 år gamal teknikk, men den kom ikkje til Noreg før i mellomalderen. Kalken brukast mellom anna til å restaurere steinbygningane våre frå mellomalderen, forklarar Storemyr.

Kalken dei brenner i Hyllestad skal ut på ei spesiell reise. Den skal brukast i restaureringa av Selja kloster, og den skal bli frakta i ein gamaldags båt.

Selje kloster

SELJA: På øya Selja ligg det over 900 år gamle Selja kloster. Her skal den brente kalken bli brukt i restaureringa av bygningane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Båtar gjekk ned

– Det er ein farleg last, får vi vatn i den er vi ille ute, seier Per Storemyr. Kalken er kome om bord og båten, som heiter «Bakkejekta», er på veg over Sildagapet ved Stadtlandet.

Før i tida var det vanleg å frakte brent kalk med jektefart langs kysten, men det var ikkje heilt ufarleg.

– Brent kalk eser veldig ut når du har vatn på den, den kan sprenge ei bøtte og det blir veldig varmt. Vi kjenner mellom anna til ei polsk skute som gjekk ned på 1400-talet utanfor Mandal. Sannsynlegvis fordi dei fekk vatn i kalklasten, kalken este ut og øydela skipet, fortel Storemyr.

Uvitande om risikoen

– Dette er noko du får oppleve ein gong i livet vil eg tru. Å gå med nybrent kalk frå Hyllestad til klosteret på Selja. Det er ei stor ære, seier kaptein på Bakkejekta, Ove Losnegård.

– Vi veit jo frå gamalt av at slike båtar vart brukt til frakt langs kysten. Vi i mannskapet visste ikkje så mykje om farane med å ha med seg brent kalk på sjøen, men no veit vi det, seier han.

Dei som er om bord i båten denne gongen har likevel ingenting å frykte. Den brente kalken blir frakta i plastbøtter som er godt forsegla. Tidlegare var det vanleg å bruke tønner.

Når kalken kjem fram til Selja skal den rett i bruk i restaureringa av klosteret.

– Den kalken ein kjøper på den moderne marknaden i dag er ekstremt rein. Den er heilt annleis enn den som vart brukt i mellomalderen. Vi vil gjerne komme tilbake til den måten dei gjorde det på i mellomalderen fordi vi veit at det er god kalk, seier Storemyr om kvifor dei la ut på denne ferda.