– Det er ein klarare sjanse denne gongen. Vi har jobba hardt i mange år for å få det til. Eg synest det er fullt fortent, og vi må berre stå løpet heilt ut.
Motstandar er Skrim, eit lag Førde slo 45-17 i bortekampen. Vinn Førde, er laget det andre frå Sogn og Fjordane i 1. divisjon etter Jotun.
- Les også:
Motstandaren treng poeng
Normalt bør Skrim vere lett match. Men trenar Kristinn Gudmundsson passar seg godt for å selje skinnet før bjørnen er skoten.
– Spelar vi opp mot vårt beste skal vi vinne. Men Skrim er eit rekruttlag for Skrim Kongsberg, som er i toppen av 1. divisjon. Dermed kan det variere kor sterkt laget er.
Skrim kjempar for å unngå nedrykk til 3. divisjon. Før denne helga ligg laget på nest sisteplass med åtte poeng. Dermed har laget god motivasjon til å bite godt frå seg.
Og Førde-trenaren er trygg på at han og spelarane ikkje tek lett på oppgåva.
– Nei, eg er heller redd for at nokon av spelarane vil så mykje at dei ikkje får tinga heilt til å falle på plass. Men ein handballkamp varer i 60 minutt, og vi treng ikkje stresse om det ikkje går rette vegen dei første ti minutta.
Missa med eitt måls margin sist
No kan dei greie det dei ikkje greidde i 2014. Dei spelte kvalifisering mot Fjellhammer og vann bortekampen med fire mål. Dei skulle berre unngå å tape heimekampen med fem mål eller meir. Så var det akkurat det som skjedde. Fjellhammer vann 23-18.
– Det var forferdeleg, ei skikkeleg dårleg kjensle. Vi gjorde vårt beste, men det gjekk ikkje, minnest Maria Ullebust Oppedal.
- Les også:
– Kjempegod stemning i laget
Denne gongen skal det mykje til før håpet blir lagt i grus. For no slepp dei kvalifisering,
Sjølv om Førde-jentene ikkje skulle lukkast i å sikre dei to poenga dei treng mot Skrim, har dei to matchballar til, begge på heimebane. Kapteinen lovar at det blir opprykk når sesongen er slutt.
– Det skal gå greitt. Stemninga i laget er kjempegod, alle er veldig gira og klare for å ta eit steg vidare.
– Kjempemessig handballfest
Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen håpar også at folk både i Førde og kommunane rundt tek turen for å sjå opprykkskampen.
– Eg trur alle har fått med seg at det blir ein kjempemessig handballfest. Det kriblar, og vi gler oss. Og etterpå kan publikum få med seg ein godbit med fart og spenning når Fyllingen Bergen og Lillestrøm møtest til eliteseriekamp for menn, seier Gullaksen.