NRK Meny
Normal

ME-sjuk vann historisk siger mot staten

May Britt Hovland kan endeleg pusta letta ut etter at Høgsterett ha slege fast at ho har rett på erstatning. Etter den historiske rettsavgjerda ligg det no an til ein erstatningssum i millionklassen.

Montasje May Britt Hovland

VANN SAKA: May Britt Hovland frå Årdal måtte på nytt møte i retten etter at Pasientskadenemnda anka den mykje omtala vaksinedomen til Høgsterett. No har dei slege fast at ho har rett på erstatning.

Foto: privat/Scanpix

Artikkelen er flere år gammel.

– Vi er svært godt nøgde med resultatet etter å ha slåst alle desse åra i rettssystemet, seier advokaten hennar, Edmund Asbøll, til NRK.no.

ME-sjuke May Britt Hovland som er frå Årdal, har vore gjennom fleire rundar i retten.

Hovland var 17 år då ho i 1991 fekk vaksinen som skulle gjere livet hennar til eit mareritt. Først ein lang kamp for å bli trudd, og seinare for å vinne fram i rettsvesenet.

TV2.no melder no at Høgsterett har forkasta anken frå Pasientskadenemnda og det er sett eit endeleg punktum i saka.

Statleg vaksineforsøk

I 2011 vann Hovland fram i Oslo tingrett, og det vart påvist årsakssamanheng mellom helsetilstanden hennar og ei vaksinen ho i samband med eit statleg vaksineforsøk mot hjernehinnebetennelse.

Hundretusenvis av ungdom deltok seint på 1980-talet og tidleg 90-talet i vaksinasjonsforsøket. 341 av dei ar søkt erstatning for øydelagde liv. Hovland, som i dag er busett i Trondheim, er den første til å vinne over staten.

Pasientskadenemnda vart pålagt å betale May Britt sine sakskostnader på 250.000 kr etter saka i tingretten, men dei anka dommen til Borgarting lagmannsrett.

Etter at ho også vann fram i lagmannsretten, bad den ME-sjuke kvinna Pasientskadenemnda om å spare henne for ny ankesak. Bøna vart ikkje høyrd.

Glad for endeleg punktum

Men no er altså ein lang kamp over. Høgsterett har forkasta anken frå Pasientskadenemnda og har dermed slege fast at ho har rett på erstatning, skriv TV2.no. Advokaten hennar, Edmund Asbøll er letta.

– No er det sett eit endeleg punktum som inneber full siger til Hovland. Det er veldig tilfredsstillande for ho og for oss andre som har jobba med saka. I tillegg vil dette ha ei stor prinsipiell betyding, seier Asbøll til NRK.no.

Etter at det no er slått fast at Hovland har rett på erstatning, blir det no ein diskusjon om storleiken på denne. Asbøll seier det vil bli snakk om eit beløp i millionklassen.

– Det er detaljregulert i lova kva ein har krav på. Stort sett er det beløpet ein har tapt i inntekt, utgiftene ein har hatt og inntektstap framover. Det er heilt klart at det her vil bli ein betydeleg erstatningssum, seier han og viser mellom anna til at Hovland er ung.

– Viktig prinsippsak

Advokaten seier saka vil få betyding for andre i liknande situasjon.

– Dette er den første vaksinesaka der ein som er skadd med ME får medhald i rettssystemet i Norge, og der det ligg føre ein endeleg dom. Sjølv om NPE er usamde må dei rette seg etter Høgsterett. Dette vil setje spelereglane for sakene som allereie er i systemet og saker som vil komme, seier Asbøll til NRK.no.

– Hovland-saka vil gå inn i rettssystemet som ein kjempeviktig dom som set kriteria for å få erstatning på dette området.

Avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker i Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) seier til TV 2 at dei alltid må gjere ei heilt konkret vurdering av den enkelte saka.

– Det er i lys av det vi må sjå at domstolane har kome til dette resultatet, seier ho.

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned