Hopp til innhold

Me-e-e-e-e-e-e-e-e-e-e-e-e-en har du sett?

Når du køyrer E39 gjennom Våtedalen er det ikkje berre geiter i vegen du må halde utkikk for. No er dei på veggen også ...

Spraya geiter på veggen

NØYE: Laila Garlid brukte airbrush-teknikk for å dekorere veggen til Vidar Sandal på Egge.

Foto: privat

– Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, ler geitebonde Vidar Sandal.

Han hadde nett pussa opp att geitefjøsen sin på Egge i Våtedalen. Men han var liksom ikkje heilt nøgd.

– Så kom tanken om noko godarta galskap, ler Sandal.

Portretterte tre gode kompisar

Dermed ringde han kunstnar Laila Garlid i Stryn og lurte på om ho ville smykke ut eine fjøsveggen. Sandal ville gjerne ha eit landskap med Eggenipa (fjelltopp like bak Egge) og Bergheimsvatnet i framgrunnen.

– Det er vel to og ein halv meter gonger seks meter, seier Sandal.

Litt større enn vanlege lerret, kan ein vel trygt seie.

– Det syner jo litt meir att. Veggen er såpass stor, at så stort måtte det berre bli, seier Sandal, og legg til at motivet ikkje er tilfeldig valt.

Men viss du trur det skal vere dei tre bukkane bruse, så tek du feil.

– Nei, dette er dei siste tre siste bukkane eg hadde med kraftige horn. Dei måtte sjølvsagt verte foreviga for ettertida, seier Sandal, som har 135 geiter i flokken sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Linda Garlid i aksjon

NØYE: - Det er viktig å vere stø på handa, seier Laila Garlid.

Foto: privat

Laga lite bilete først

Ingen av bukkane er lenger i live, men Sandal understrekar at måleriet er ganske så likt originalen.

– Det er så dyktig laga at eg kjenner att kvart einskild av dei tre dyra. Dei var tre godslege kompisar, seier Sandal.

Kunstnaren sjølv, Laila Garlid frå Stryn, har aldri før laga eit så stort bilete.

– Eg har dekorert nokre vegger før, men aldri så store, seier Garlid.

Ho fekk to bilete av Sandal, eit av dei tre bukkane og eit av landskapet.

– Så kopla eg på ein måte dei to i hop på eit lite bilete, og så spraya eg det i stort format på veggen, seier Garlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liten modell

TIL Å SJÅ ETTER: Kunstnar Laila Garlid laga først ein mindre modell som ho brukte til å sjå etter då ho spraylakkerte motivet på fjøsen.

Foto: privat

Brukte to dagar på jobben

Bukk 2

STORBUKK: Vidar Sandal har fått dei tre siste bukkane med store horn i flokken portrettert på geitefjøsen sin.

Foto: privat

For ho brukar nemleg ikkje pensel, men ein slags spray som kallast airbrush.

– Det er ein teknikk som eg brukar til dømes når eg dekorerer bilar, og det fungerte fint. Det går heilt fint å lage ganske små detaljar, sjølv om det er spray, seier Garlid, som tykte det heile var skikkeleg moro.

– Eg trudde det kom til å bli vanskelegare enn det var. Men det gjekk overraskande greitt. Eg brukte berre to dagar, og eg hadde i grunnen tenkt det kom til å ta lengre tid, seier Garlid.

Bukk 1

LIKNAR: - Eg kjenner godt att bukkane når eg ser på bileta, seier Vidar Sandal.

Foto: privat

No må det seiast at det ikkje er første gong nokon på Egge finn på noko litt utanfor boksen.

På nabogarden til Sandal vart grassiloen der dekorert med eit flott bilete av Eggenipa, eit bilete som har ført til at mang ein bilist på E39 har stått på bremsen, både i undring og overrasking.

– Det har vore nokre bremsespor på E39 opp gjennom åra, samt stopp og fotografering, seier Sandal.

Blei litt inspirert av naboen

Silo på Egge

SILOEN: Slik ser siloen til naboen ut. Her fotografert i samband med løparar frå Eggenipa Opp i 2011.

Foto: Olav S. Egge

Han legg ikkje skjul på at han har vorte litt inspirert av silomåleriet til naboen.

– Miljøskapande og gode idear smittar, og det er ein god ting når det er positivt, seier Sandal.

Kor mykje Sandal måtte ut med for den nye veggdekoren, vil han ikkje seie.

– Vi forhandla oss fram til ein grei pris, ler Sandal, som fredag driv og plukkar ned stillaset etter at målejobben er ferdig.

Tilbakemeldingane på veggpryden har ikkje late vente på seg.

– Det har vore mykje positive tilbakemeldingar, så dette lovar bra, seier Sandal.