Hopp til innhold

– Førdefjorden vil vere rein dei neste tusen åra

Striden om Førdefjorden er snart over, meiner MDG-politikar. Vi stemner fram som før, svarar gruveseskapet.

Langballe Dalin

INGEN TRU: Marius Dalin i Miljøpartiet dei grøne hevdar gruveprosjektet ikkje kjem til å vere interessant for investorar.

Foto: ANNA GYTRI / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg trur Førdefjorden vil vere rein dei neste tusen åra, seier Marius Dalin i Miljøpartiet dei grøne.

Tysdag kveld sa Sunnfjord kommunestyre ja til at gruveselskapet Nordic Rutile kan få starte drift i Engebøfjellet i Naustdal, med ei stemme overvekt.

Dalin kallar likevel vedtaket «ein kvart siger» ettersom eit fleirtal i kommunestyret gjekk inn for strengare miljøkrav. Det same fleirtalet sa og at dei ønskjer full utnytting av mineralressursane for å unngå dumping i fjorden.

Dalin trur no at heile prosjektet ligg på det siste og at det berre er eit tidsspørsmål før aksjonærane innser det same.

– Eg trur prosjektet ikkje har ein sjanse. Det kjem og aksjonærane til å skjøne snart, seier han.

Vedtaket i Sunnfjord kommunestyremøte er ikkje siste ord i saka. Vedtaket med tilråding vert no sendt til Direktoratet for mineralforvaltning, som skal ta den endelege avgjerda i løpet av vinteren.

LES MEIR: 2800 menneske er klare til aksjonar mot omstridd gruve

– Berekraftig på alle måtar

Ivar S. Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining, som eig Nordic Rutile, seier han ikkje ønskjer å spekulere i påstandane til Dalin.

– Vi skal utvikle og presentere eit prosjektet som er berekraftig på alle måtar. Både med omsyn til miljø og økonomi.

– Du meiner at prosjektet ikkje er blitt mindre økonomisk interessant for investorar?

– Ikkje som følgje av vedtaket i går. Det har vi ikkje fått signal om, seier Fossum.

Aksjekursen i gruveselskapet Nordic Mining har gått ned med over 40 prosent dei siste fem åra.

Demonstrerte mot fjorddeponi av gruveslam.

DEMONSTRERTE: Fleire hundre personar demonstrerte mot dumping av gruveslam i Førdefjorden før kommunestyremøtet i Sunnfjord tysdag kveld.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Glad for at kommunen støttar oss

Fossum seier han er glad for at fleirtalet i Sunnfjord kommunestyre sa ja til å starte drift i Engebøfjellet.

– Det syner at kommunen støttar planane våre og tar innover seg alt arbeidet Naustdal kommune og selskapet har gjort, i tillegg til alle vurderingar som er gjort av fagfolk i norsk forvaltning.

Vil behalde fjorddeponiet

At kommunestyret helst vil unngå dumping av gruveslam i Førdefjorden let Fossum seg ikkje påverke av.

– Vi brukte nesten åtte år på å evaluere og greie ut deponiløysingar. Konklusjonen er at sjødeponi er den beste og tryggaste løysinga. Dette har og miljøstyresmaktene godkjent.

Alt i 2015 fekk Nordic Mining utsleppsløyvet dei treng for å drive gruvedrift med deponi i sjøen.

Han seier det er uaktuelt å flytte deponiet på land, sjølv om det no dreier seg om mindre masser enn først forskottert.

– Det er framleis store mengder det er snakk om. Slik naturen er forma ut rundt Engebøfjellet er området ikkje eigna for deponi på land.

Sp: – Viktig industriprosjekt

Ein av arkitektane bak fleirtalsvedtaket var varaordførar Jenny Følling (Sp):

– Eg er glad for at det er ei positiv fråsegn frå Sunnfjord kommunestyre, men vi har stilt strenge miljøkrav. Gruvedrifta på Engebø kan verte det prosjektet i Sunnfjord som vil skape størst ringverknader dersom det vert realisert, seier ho.

Demonstrasjon mot fjorddeponi i Førdefjorden

TRETT AV STRID: Fleire hundre personar demonstrerte mot dumping av gruveslam i Førdefjorden før kommunestyremøtet i Sunnfjord tysdag kveld.

Foto: Elias Håvarstein / NRK