MDG-topp hudflettar si eiga partileiing

FLORØ (NRK): Han har vore sentral i MDG i ei årrekkje. No kallar politikaren leiinga i partiet sitt for udemokratisk, livsfjern, kunnskapslaus, maktarrogant og altfor dominert av Oslo.

Stein Malkenes

FRÅVERANDE PARTILEIING: Stein Malkenes meiner MDG-leiinga er fråverande når folk kring om i landet kjempar for miljøverdiane sine. Han meiner leiinga er meir opptatt av å skryte av seg sjølv enn å kjempe for miljøet.

Foto: Bård Siem / NRK

På denne måten blir partileiinga i Miljøpartiet Dei Grøne karakterisert av MDG-politikaren Stein Malkenes frå Florø. Han er partiet sin einaste representant i fylkestinget i Sogn og Fjordane og gjekk nyleg av som fylkesleiar i partiet.

68-åringen opnar døra til verandaen og peikar ut over storhavet. Den røynde miljøaktivisten har utsyn utover skjergarden utanfor Florø.

– Det handlar for det meste om Oslo. Vi som bur ute i distrikta opplever ofte at vi ikkje er ein del av partiet, dessverre, seier han og ristar på hovudet.

Snur ryggen til partiet

Malkenes er så frustrert over partileiinga at MDG ikkje vil få røysta hans i fylkestingsvalet. I kommunevalet vil han røyste MDG.

– Eg er lei av leiarane våre som grønvaskar høgreliberalistisk politikk. Eg er lei av at dei trur tekniske løysingar kan løyse klimakrisa. Dette gjer at partiet gjer grunnleggande feil verdival i store og kompliserte saker, seier han energisk.

Malkenes er ikkje den einaste som er kritisk til MDG sine vegval den siste tida. I mars i fjor melde 38 personar seg ut av partiet i protest mellom anna mot at partiet sa ja til å slutte seg til EU si tredje energipakke, i den såkalla Acer-saka.

Høyspentmast mot blå himmel.

PÅ KOLLISJONSKURS OM KRAFT: Stein Malkenes og partileiinga i MDG er på kollisjonskurs om EU si energipakke, den såkalla Acer-saka. Malkenes meiner Noreg misser råderetten over energien, noko partileiinga avviser.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Også Malkenes meiner det var ein stor tabbe då partiet i fjor støtta EU si tredje energipakke.

– Det er så til dei grader kunnskapslaust at eg nesten blir redd, seier han.

– Kvifor var dette så feil?

– Enkelt fortalt misser vi styringa med våre eigne naturressursar. Det blir mellom anna enklare for utanlandsk storkapital å bygge vindmølleparkar i Noreg, seier han.

Oppføring av vindmøller i Haraheia, Roan

STRID: Sidan det ikkje er behov for meir kraftproduksjon i Noreg, treng vi ikkje bygge ei einaste vindmølle, meiner Stein Malkenes. Partileiinga i MDG er usamd.

Foto: Ole Martin Wold / Fosen Vind

– Klimabedrag

Malkenes viser mellom anna til at MDG har sagt ja til å bygge ut vindmøller i til dømes industriområde.

– Dette er eit klimabedrag av verste sort når vi veit at vi kan effektivisere energibruken i Noreg mykje meir enn kva vindkraft nokon gong kjem til å levere av energi, seier han.

Det er berre to måtar å løyse klimakrisa på, meiner Malkenes.

– Det eine er å redusere produksjonen av fossil energi. Det andre er å redusere forbruket.

Malkenes er også kritisk til den demokratiske prosessen i Acer-saka.

– Medan andre parti hadde ryddige og involverande prosessar, vart avgjerder tekne over hovudet på oss MDG-folk på lokalplanet, seier han.

Malkenes legg til at det er veldig mange dyktige og hardtarbeidande MDG-politikarar ute i distrikta og kommunestyra, og at det ikkje dei han er kritiske til.

Tek ikkje sjølvkritikk

Partisekretær i MDG, Torkil Vederhus, synest det er leit at Malkenes er så kritisk til partileiinga, men han tek ikkje sjølvkritikk på vegner av partiet.

– Vi har alltid grundige prosessar i partiet i viktig naturvern- og miljøsaker. Då er det ikkje alltid at alle får vilja si, noko Malkenes ikkje har fått i ein del saker. Han er tydelegvis skuffa, seier Vederhus.

Torkil Vederhus

AVVISER KRITIKK: Stein Malkenes har vore i mindretal i viktige saker og det er tydeleg at han er skuffa, seier Torkil Vederhus, partisekretær i MDG. Han tek ikkje sjølvkritikk på vegner av partiet.

Foto: Monica Løvdahl

– Malkenes meiner MDG er altfor dominert og opptatt av Oslo. Kva seier du til det?

– MDG har alltid vore eit parti som har vore sterkt andre stader enn i Oslo. Det er først dei siste åra at Oslo har fått auga opp for MDG.

– Malkenes meiner det ikkje er behov for å bygge ei einaste vindmølle i Noreg fordi vi har nok kraft i landet. Kva er din kommentar til det?

– Det er bygd ned nok urørt natur i landet vårt, men i industrielle område eller andre stader må vi utvikle ny energiproduksjon. Dette for å bli kvitt den fossile produksjonen.

Vederhus trur ikkje kritikken frå Malkenes vil skade partiet i valkampen.

– Nei, det trur eg ikkje. Det som er trist er at vi misser Stein Malkenes som har gjort ein stor jobb for miljøet i mange år. MDG kjem til å gjere eit godt val, seier han.