NRK Meny
Normal

MDG krev at alle oppdrettsanlegg skal vere lukka innan 2025

Miljøpartiet dei Grøne set no hardt mot hardt og krev at alle oppdrettsanlegg skal vere lukka innan 2025. Næringa har inga tru at dette kan realiserast.

Oppdrettsanlegg

EITT AV SJU KRAV: MDG i Sogn og Fjordane vil at oppdrettsindustrien skal gjere opp for seg med sju ulike tiltak.

Foto: Laila Lanes

– Vi må slutte å sjå på dette som ei koseleg distriktsnæring. Det er ein gigantisk matindustri som kostar miljøet for mykje, seier Stein Malkenes, som er stortingskandidat for MDG.

Stein Malkenes

VIL LUKKE ANLEGG: Stein Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne vil at alle anlegg skal vere lukka innan 2025.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Malkenes krev at oppdrettarane må gjere opp for miljøskadar, som han meiner næringa har påført naturen.

MDG føreslår difor i forslag til partiprogrammet sju tiltak for å gjere oppdrettsnæringa meir berekraftig. Dei vil blant anna at det skal produserast mindre oppdrettslaks, og at alle anlegg skal vere lukka.

– Alle nye konsesjonar skal vere lukka, og gamle anlegg må vere lukka innan 2025, seier Malkenes.

– Ikkje nok erfaring

Lukka anlegg er kostbare, men fjernar problemet med lakselus og rømming. I oppdrettsnæringa er det heller lunken stemning for forslaget.

– Realismen i dette er ikkje der innan 2025. Eg trur det vil vere utfordringar som kan gjer at dette vil koste meir. I dag har vi ikkje nok erfaring med lukka anlegg, blant anna kan det dukke opp nye utfordringar med sjukdom som vi ikkje ser i dag, seier Elin Tveit Sveen, som er dagleg leiar i Marø Havbruk.

Fryktar tapte arbeidsplassar

Tveit Sveen bekymra for at tilsette må gå om lukka anlegg blir innført før det er skikkeleg testa ut.

– Blir det kostbart og anlegga skal lukkast før teknologien er ferdig utvikla, så trur eg mange av dei største selskapa vil sjå mot andre land og flytte produksjonen. Då vil ein tape arbeidsplassar og ei viktig næring som er i distrikta.

 Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk

IKKJE NOK ERFARING: Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk meiner det ikkje er nok kunnskap om lukka anlegg.

Krev handling no

Malkenes meiner det må handlast no for at oppdrettsnæringa skal komme på rett kjøl.

– Strenge tiltak må til for å vidareutvikle industrien utan å gå på kostnad av naturen. Det vil alle komme styrka ut av.

Oppdrettsnæringa meiner på si side at dei allereie har opna lommeboka for å bli ein grønare industri.

– Vi har vore utfordringar, men det blir investert enorme summar for å drive berekraftig. Det har skjedd veldig mykje det siste året, og det vil skje mykje, seier Tveit Sveen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser