NRK Meny
Normal

– No blir vi nøydd til å bruke tida på å rydde opp i gamle synder

Styremedlem i Sunnfjord Miljøverk og bystyremedlem i Førde skuldar det førre styret i miljøverket for å prioritere feil løysing av kloakk-komposteringa.

Marius Dalin og Sunnfjord Miljøverk

KRITISK: – Vi skulle ha drive utviklingsarbeid no i staden for å rydde opp i gamle synder, meiner styremedlem Marius Langballe Dalin i Sunnfjord Miljøverk.

500 meter frå anlegget som Sunnfjord miljøverk nyttar til å kompostere kloakk i Hesjedalen, bur Magnar Indrebø og Bente Eriksen. Dei kan ikkje leve med lukta og seier den til tider er så ille at de ikkje vågar å vere utandørs på eigen eigedom.

– Det er ei sur, søt og skarp lukt. Det er kvalmande. Lukta av gris er ei fin lukt i forhold, seier Magnar Indrebø.

Magnar Indrebø og Bente Eriksen

BLIR PLAGA: Magnar Indrebø og Bente Eriksen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Styremedlem i miljøverket, MDG-politikaren Marius Langballe Dalin, er kritisk til situasjonen som miljøverket og naboane er hamna i, og rettar kritikk mot det gamle styret.

– Vi skulle svært gjerne ha sloppe å vere i denne situasjonen. Komposteringa skulle vore gjort på anna vis. Vi har eit stort utviklingsarbeid føre oss. No blir vi i staden nøydd til å bruke tida på å rydde opp i gamle synder med ein kompostering som fagleg sett ikkje har vore god nok, meiner Dalin.

Handtert annleis

Han trur det gamle styret sjølv forstår dette.

– Å til dømes blande inn trevirke som er blitt handsama i kompost er ikkje slik ein skal gjere det. Det veit alle som har drive med kompostering profesjonelt. Også det hygieniske aspektet med lukt burde vore teke omsyn til på eit tidlegare tidspunkt.

Han forstår det er gjort for å spare kostnader. Men meiner kostnadane no kan bli endå større, i tillegg til plagene som naboane har.

– Situasjonen skuldast nytt regelverk, men også at medlemmane i styret ikkje var vakne og at dei prioritert kostnadar i staden for å gjere ting på ein tilfredsstillande måte. Min personlege meining er at dei reint miljøfagleg har prioritert feil, seier Dalin.

Oddmund Klakegg

GJORT RETT: Styreleiar Oddmund Klakegg i Sunnfjord Miljøverk.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Blandar korta

Dagens styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, Oddmund Klakegg, var medlem av det gamle styret. Han meiner Dalin blandar korta.

– Det vi gjer er å følge Fylkesmannen sine råd om å rankekompostere kloakkavfallet på ein miljøriktig måte. Det skapar mykje lukt, og det er det akutte problemet vi må løyse no.

– Det Dalin snakkar om er den gamle haugen på 40 000 kubikk med avfall frå reinseanlegga som er blanda med treavfall. Det var ein lovleg måte å gjere dette på før vi fekk eit nytt regelverk. No ser vi at det var uheldig.

– Men eg trur det førre styret hadde ein oppfatning av at dette var ein haug som var lovleg og som vart handtert rett, seier Klakegg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.